Edinburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edinburgh
City of Edinburgh

skotsk-gælisk Dùn Èideann
Edinburgh frå Calton Hill
Edinburgh frå Calton Hill
Kallenamn
««Auld Reekie», «Athens of the North»»
Motto
«Nisi Dominus Frustra»
(Ta imot Herren i forgjeves)
Plassering
Edinburgh is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region City of Edinburgh
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd Før 600-talet
Borgarmeister George Grubb
Geografi
Flatevidd
 - By

259 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

486 120
  1 876,9 /km²
Koordinatar 55°56′58″N 3°9′37″WKoordinatar: 55°56′58″N 3°9′37″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EH
Telefon-retningsnummer 0131
Nettstad: www.edinburgh.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edinburgh

Edinburgh (skotsk gælisk Dùn Èideann) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow) i Skottland. Administrativt utgjer han saman med omlandet regionen City of Edinburgh. Han ligg ved breidda av Firth of Forth.

Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete for Parlamentet i Skottland, som blei gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen blei tatt inn på verdsarvlista til UNESCO i 1995.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at namnet på byen kjem frå brytonisk Din Eidyn, Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området høyrte til Gododdin, i tidleg mellomalder.

Etter å ha blitt tatt av anglarar frå Bernicia blei namnet endra til Edin-burh. Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort, etter Edwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brytoniske namnet. Byen har au kallenamnet Auld Reekie (Gamle røykfylte). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. hundreåret har gitt den kallenamnet Det nordlege Athen. Ein forfattar har ymta om at Det sørlege Reykjavik hadde vore meir passande.

The Princes Street Gardens og nokre bygningar: Frå venstre: Scottmonumentet, North British Hotel, Nelsonmonumentet & the City-observatoriet på Caltonhøgda, to bruer (Waverley i forgrunnen, North lengre bak) og taket til Waverley Station

Det moderne gæliske namnet, Dùn Èideann, har au blitt forvanska som Dunedin, eit namn byen til tider har gått under.

Mange skottar brukar kallenamnet Embra, og diktaren Robert Fergusson kalla byen Edina.

Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør dominerast bybildet av Edinburgh slott, som står på ei vulkansk klippe. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som følgjer åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget blei påbegynt i 1816 på myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø, Nor'Loch.

Hamna[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Edinburgh ligg i Leith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand da han blei innlemma i Edinburgh by, fordi han da blei knytt nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men administrerast saman med Edinburgh.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Edinburgh er base for fleire verdskjente arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edinburgh