Den andre franske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den andre franske Republikken vart oppretta etter Februarrevolusjonen, og vara frå februar 1848 til desember 1852, då statsleiaren Louis Napoleon Bonaparte utropa seg sjølv til keisar under namnet Napoleon III. Mange av dei folkerettslege sigrane som var vunne etter februarrevolusjonen vart då sette til side. Louis Napoleon var einaste president under denne republikken, som vara i fem år. Statsleiinga i Frankrike på denne tida vart gradvis meir og meir konservativ. Utviklinga i Frankrike, som elles i Europa, var ein reaksjon på februarrevolusjonen, og ein freistnad på å vinne att tapt kontroll.

Republikken år for år[endre | endre wikiteksten]

1849[endre | endre wikiteksten]

Frankrike stødde Austerrike under den italienske sjølvstendekrigen, og var med på å innta Roma for å setja inn att paven. Arbeidaroppstandar vart slegne ned i Frankrike.

1850[endre | endre wikiteksten]

Presidenten byrja å snevre inn på ytringsfridomen og pressefridomen.

1851[endre | endre wikiteksten]

Statskupp i Frankrike 2. desember (Louis Bonapartes 18. brumaire). Frå no rådde presidenten utan regjering og parlament.

1852[endre | endre wikiteksten]

Ny grunnlov vart skriven for Frankrike. Denne sytte for at Louis Bonaparte kunne sitja på livstid. No var han blitt diktator i Frankrike. Lova var ein kopi av konsulatforfatninga frå 1799. Utvida pressesensur og hardare undertrykking.

2. desember 1852 let Bonaparte seg utrope til keisar. Slutten på den andre republikken, opprettinga av det andre franske keisardømet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.