1848
| 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | ||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||
|
1848 er kjent som eit revolusjonsår. Dårleg økonomi og misnøye med styresmaktene førte til opprør i Brasil og fleire land i Europa. Mange liberalarar trudde at dette var byrjinga på ei ny tid, mange regime trudde det var slutten på deira. Dei tok for det meste feil. Dei fleste revolusjonane blei slått ned utan at folk fekk det noko betre. Revolusjonsåret var likevel eit signal om den mektige sosialistiske rørsla som skulle reisa seg seinare.
Innhaldsliste |
Hendingar [endre]
Utlandet [endre]
- 24. januar - James W. Marshall fann gull i California og startar gullrush i California.
- 2. februar - Krigen mellom Mexico og USA ende med at Mexico avstod fleire statar til USA. Avtalen blei ratifisert i Mexico den 19. mai.
- 21. februar - Karl Marx gav ut Det kommunistiske manifestet.
- 23. februar - Februarrevolusjonen braut ut i Paris.
- Revolusjonar braut ut i Tyskland: Rheinland (3. mars), Wien (12. mars), Berlin (18. mars).
- Revolusjonar braut ut i Italia: Venezia (7. mars), Milano (18-22. mars), og Piemonte (27. mars).
- 15. mars - Revolusjon braut ut i Pest.
- 29. mai - Wisconsin blei den 30. staten i USA.
- 29. juli - Eit irsk opprør i Tipperary blei slått ned av britiske styrker.
- 28. august - Mathieu Luis frå Guadelupe blei den første svarte representanten i den franske nasjonalforsamlinga.
- 3. november - Nederland fekk ny grunnlov.
- 7. november - Zachary Taylor blei vald til amerikansk president.
- 2. desember - Ferdinand I av Austerrike abdiserte og nevøen hans, Franz Josef I, blei ny keisar.
- 10. desember - I Frankrike blei prins Louis-Napoleon Bonaparte vald til den første presidenten i den andre republikken.
- Treårskrigen mellom Danmark og Tyskland om området Slesvig-Holstein.
- Krig braut ut mellom engelske styrker og sikhar i Punjab.
- Slaveri blei oppheva i Frankrike og franske område.
- Slaveriet på Dei dansk-vestindiske øyene blei oppheva.
- Liveigenskap blei oppheva i Austerrike-Ungarn.
- Sveits fekk sin første federale grunnlov.
- Praieira-opprøret tok til i Brasil.
- Nederland, Storbritannia og Tyskland hevda eigedomsrett over Ny-Guinea.
- Skotske nybyggjarar grunnla Dunedin på New Zealand.
Noreg [endre]
- 27. desember - Marcus Thrane starta den første arbeidarforeninga i Drammen.
- Ålesund fekk status som by.
- Blaafarveværket, den største industriverksemda i landet, gjekk konkurs.
- Henrik Ibsen gav ut det første verket sitt, Catilina.
- Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik.
- Christian Tønsberg gav ut Norge fremstillet i Tegninger.
Fødde [endre]
- Sjå òg Fødde i 1848.
- 3. februar - Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08)
- 10. april - Hubertine Auclert, fransk kvinnesakskjempar.
- 7. juni - Paul Gauguin, fransk målar.
- 15. juli - Vilfredo Pareto, italiensk økonom.
- 6. juli - Gabor Baross, ungarsk statsmann.
- 19. september - Gunnar Knudsen, norsk politikar og statsminister (1908-10 og 1913-20)
- 8. november - Gottlob Frege - grunnleggjaren av moderne logikk.
- 22. desember - Ulrich von Wilamowitz-Moellendorff, tysk klassisk filolog.
Døde [endre]
- Sjå òg Døde i 1848.
- 9. januar – Caroline Herschel, tyskfødd astronom
- 20. januar – Christian VIII, konge av Danmark
- 23. februar - John Quincy Adams, tidlegare amerikansk president.
- 8. april - Gaetano Donizetti, italiensk komponist.
- 7. august - Jöns Jacob Berzelius, svensk kjemikar.
- 12. august - George Stephenson, oppfinnar av damplokomotivet.
- 24. november - William Lamb (Lord Melbourne), tidlegare engelsk statsminister.
- 19. desember - Emily Brontë, engelsk forfattar.
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>