Den haitiske nasjonalforsamlinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den haitiske nasjonalforsamlinga (fransk: Assemblée Nationale) er den lovgjevande delen av styresmaktene i Haiti. Bygningen som ho held til i, ligg i hovudstaden Port-au-Prince.

Forsamlinga har eit tokammersystem, der overhuset er Det haitiske senatet og underhuset lower house er Det haitiske deputertkammeret. Møta i nasjonalforsamlinga er leidde av senatpresidenten, assistert av deputertkammerpresidenten. Sekretariata for senatet og deputertkammeret fungerer også som sekretariat for nasjonalforsamlinga som heilskap. Deputertkammeret har 99 medlemmer (utvida frå 83 før valet i 2006), og senatet har 30 (tidlegare 27). Medlemmene i deputertkammeret vert valde for ein periode på fire år, medan senatsmedlemmene vert valde for ein periode på seks, der ein tredjedel av medlemmene vert valde annakvart år – begge stader gjennom allmenne val.

Palais Législatif, bygningen som husar nasjonalforsamlinga,[1][2] var mellom dei mange bygningane som vart alvorleg skadde av jordskjelvet i Haiti 12. januar 2010. Nasjonalforsamlinga tok opp att arbeidet sitt kort tid etter, med eit klasserom som mellombels løysing.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Page d'Accueil» hjå Parlement Haitien - Chambres des Deputés.
  2. «Page d'Accueil» hjå Parlement Haitien - Senat.
  3. «Haiti’s leaders face ‘hell of a job.’» i Toronto Star (23.01.2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]