Den haitiske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget på Santo Domingo, eit måleri av January Suchodolski som viser ein kamp mellom dei polske troppane i fransk teneste og dei haitiske rebellane

Den haitiske revolusjonen (17911804) var ein periode med store konfliktar som omfatta det einaste slaveopprøret i Amerika som slavane har gått sigrande ut av. Resultatet vart at Haiti vart oppretta, som den fyrste sjølvstendige republikken som var styrd av ikkje-kvite. I tida før revolusjonen var Haiti ein fransk koloni og heitte Saint-Domingue.

Gjennom revolusjonen frigjorde afrikanarar og personar med afrikansk opphav seg frå fransk kolonisering og slaveri. Sjølv om det fann stad mange slaveopprør på denne tida, var det berre revolusjonen på Saint-Domingue i 1791 og utover som var framgangsrik nok for å frigjere ei heil øy.[1]

Haiti gjekk frå å vere ein fransk koloni til ein sjølvstyrd stat gjennom ein prosess som sette djupe spor etter seg. Systemet som dei franske slaveeigarane etablerte, innebar vald og truslar for å få opp effektiviteten. Dette valdsbaserte systemet overlevde revolusjonen og heldt fram i den nyfødde republikken, ettersom ein kvit elite tok den politiske og økonomiske makta.[2]

Historikarar har tradisjonelt rekna ein voodooseremoni i august 1791 med Dutty Boukman som den utløysande årsaka til revolusjonen,[3] men eigentleg var bakgrunnen for opptøyane meir kompleks enn som så.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «A Brief History of the Caribbean» av Jan Rogozinski (New York: Facts on File, Inc., 1999 – Revised Edition), s. 85, 116–118, 133, 158, 164–167 og 169.
  2. «Haiti: Historical Setting» på Kreyol.com.
  3. «Prelude to the Revolution: 1760 to 1789» by Bob Corbett.