Voodoo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voodoo-utstyr til sals på ein marknad i Port-au-Prince i Haiti.

Voodoo (òg skrive vaudou, vodou og vodun; av fonspråket i Benin, «guddom, ånd») er ein synkretisk[1] religion eller ei sekt med opphav i det karibiske landet Haiti. Det er ei blanding av stammereligionar frå Vest-Afrika, arawakiske religionar og katolsk kristendom som vart til då det kom afrikanske slavar til Haiti på 1500-talet, og dei vart tvinga til å konvertere til religionen til slavehaldarane. Dei klarte likevel i stor grad å halde på dei tradisjonelle afrikanske truene sine.[2]

Han er svært myteomspunnen og mest kjend for den såkalla voodoodokka, som visstnok skal kaste ei forbanning over personen ho symboliserer, og fenomenet zombiar (levande døde). Det finst eit utal variantar av voodoo, men felles for dei alle er sjamanisme og bruk av naturmedisin. Nemninga vert også ofte brukt om liknande kultformer andre stader i Karibia og nordaust i Sør-Amerika. Dessutan finst det ein liknande kult som har vore utbreidd blant svarte i sørstatane i USA under namnet «hoodoo».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stevens-Arroyo, Anthony M.: «The Contribution of Catholic Orthodoxy to Caribbean Syncretism» i Archives de Sciences Sociales des Religions, bind 19, nr. 117 (januar–mars 2002), s. 37–58.
  2. Leah Gordon: The Book of Vodou, s. 10.