Den sibirske sokkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kara Sea map.png
East Siberian Sea map.png
Batymetrisk/topografisk kart over Nordishavet og området rundt

Den sibirske sokkelen er ein del av kontinentalsokkelen i Nordishavet og Russland. Han strekkjer seg frå kontinentet Eurasia og 1500 km utover i Nordishavet. Området er relativt grunt med eit gjennomsnittleg djup på om lag 100 meter. Fleire øyar ligg på sokkelen, som Wrangeløya, Novaja Zemlja og Nysibirøyane.[1]

Sokkelen består av Karahavet, Laptevhavet og Aust-Sibir-havet, og er slik delt inn i respektive Karahavsokkelen, Laptevhavsokkelen og Aust-Sibir-havsokkelen.

Austover går sokkelen over i Tsjuktsjarsokkelen (i Tsjuktsjarhavet), som er delt mellom Eurasia og Alaska. Vestover går han over i Barentssokkelen i Barentshavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siberian Shelf