Den tapre soldat Svejk og hans eventyr i verdenskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den tapre soldat Svejk og hans eventyr i verdenskrigen er namnet på ein ufullført satirisk roman av den tsjekkiske forfattaren Jaroslav Hašek. Originaltittelen er Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války, direkte omsett Lagnaden til den gode soldaten Švejk i verdskrigen.

Švejk var planlagd utgjeven i seks delar men forfattaren døydde før han var ferdig med den fjerde. Romanen har inspirert mellom anna Bertolt Brecht og Jospeh Heller og er omsett til 58 språk. Den er filmatisert og dramatisert ei rekke gonger.

Boka kom på norsk i 1958 (i revidert utgåve i 1968), omsett frå tysk, svensk og dansk av av Odd Bang-Hansen. Den norske omsetjinga er noko forkorta. Mellom anna er forfattaren si innleiing utelaten, samt at nokre eksplisitt politiske ytringar ikkje er tekne med. Ei oppdatert og fullstendig svensk utgåve, omsett av Karin Mossdal, kom ut sist i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]