Jaroslav Hašek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaroslav Hašek (30. april 1883–3. januar 1923) var ein tsjekkisk forfattar frå Praha, mest kjend for romanen Den tapre soldat Svejk og hans eventyr i verdenskrigen. Det ufullførde satiriske verket handlar om ein tsjekkisk soldat sine opplevingar under 1. verdskrigen. Hašek skreiv i tillegg over 1500 forteljingar, eit skodespel, ei diktsamling og nokre kabaretar. Han døydde i Lipnice nad Sázavou.