Den tiårige svinginga i Stillehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NASA-bilete av Stillehavet i april 2008 som viser La Niña og tiårige anomaliar i Stillehavet.

Den tiårige svinginga i Stillehavet (PDO, av Pacific Decadal Oscillation) er eit klimatisk variasjonsmønster i Stillehavet som skiftar fase med ein tidsskala på eit par tiår, vanlegvis om lag 20 til 30 år. PDO vert kjenneteikna ved varmt eller kjølig overflatevatn i Stillehavet nord for 20° N. Under ein «varm», eller «positiv», fase vert det vestlege Stillehavet avkjølt og delar av dei austlege områda vert varmare. Under ei «avkjøling», eller ein «negativ» fase, skjer det motsette.

Den tiårige svinginga i Stillehavet vart namngjeven av Steven R. Hare, som merka seg dette då han studerte mønster av lakseproduksjon i 1997.[1]

Mekanismane som gjer at mønsteret varer over fleire tiår er ikkje kjend. Det er foreslått at eit tynt lag med varmt vann om sommaren kan verne djupare kald vatn. Eit PDO-signal har vorte rekonstruert bak til 1661 ved hjelp av årringar på tre i Baja California.[2]

Den intertiårige svinginga i Stillehavet (IPO eller ID, interdecadal pacific oscillation) syner liknande mønster for havoverflatetempreaturen og havnivåtrykket, med ein syklus på 15 til 30 år, men desse påverkar både det nordlege og sørlege Stilehavet. Største anomaliar i havoverflatetemperaturen finn ein bort frå ekvator. Dette er nok ganske annleis enn den kvasi-tiårige svinginga med ein periode på 8 til 12 år og maksimum havoverflatetemperaturanomaliar på begge sider av ekvator, som såleis liknar El Niño-mønsteret (ENSO).

Regimeendringar[endre | endre wikiteksten]

Observerte månadlege verdiar for PDO (1900–til i dag).
Rekonstruert PDO (1660–1991).

Sjølv om det er fleire mønster som kjenneteiknar ei regimeendring, er dei viktigaste endringane mellom «varme» og «kalde» mønster som varer 5 til 20 år [3].

  • 1750: PDO syner uvanleg sterk svinging.[2]
  • 1905: Etter ei sterk svinging gjekk PDO inn i ein «varm» fase
  • 1946: PDO endra seg til ein «kald» fase. [Sjå den blå delen på grafen til høgre]
  • 1977: PDO endra seg til ein «varm» fase.[4]
  • 1998: PDO-indeksen synte fleire år med «kalde» verdiar, men vart ikkje verande i dette mønsteret.[5]
  • 2008: Dei tidlege stadia på ein kald fase.[6]

I alle tilfella på 1900-talet har regimeendringar i PDO vore knytte til liknande endringar i det tropiske havet.

Tilknytte endringar[endre | endre wikiteksten]

  • ENSO ser ut til å påverke PDO/IPO-syklusen.
  • Endringar i IPO endrar plasseringa og styrken til ENSO-aktiviteten. Konvergenssona i Sør-Stillehavet flyttar seg nordaustover under El Niño og sørvest over under La Niña. Den same rørsla finn stad under positiv og negative IPO-fasar. (Folland et al., 2002)
  • Temperaturvariasjonar over fleire tiår i Kina er nært knytt til variasjonar i NAO og NPO.
  • Amplituden til NAO og NPO auka i 1960-åra og det fleirårige variasjonsmønsteret endra seg frå 3–4 år til 8–15 år.

Havnivåauke er påverka når store område med vatn vert varma opp og utvidar seg, eller vert avkjølt og trekkjer seg saman.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • LI Chongyin, HE Jinhai, ZHU Jinhong (2004). «A Review of Decadal/Interdecadal Climate Variation Studies in China». Advances in Atmospheric Sciences 21 (3): 425–436. doi:10.1007/BF02915569. 
  • C. K. Folland, J. A. Renwick, M. J. Salinger, A. B. Mullan (2002). «Relative influences of the Interdecadal Pacific Oscillation and ENSO in the South Pacific Convergence Zone». Geophysical Research Letters 29 (13): 21–1–21–4. doi:10.1029/2001GL014201. 
  • Steven R. Hare and Nathan J. Mantua, 2001. An historical narrative on the Pacific Decadal Oscillation, interdecadal climate variability and ecosystem impacts, Report of a talk presented at the 20th NE Pacific Pink and Chum workshop, Seattle, WA, 22 March 2001. [1]
  • Nathan J. Mantua and Steven R. Hare, 2002. The Pacific Decadal Oscillation, Journal of Oceanography, Vol. 58, p. 35–44. doi:10.1023/A:1015820616384 [2]
  • Kevin Ho, 2005. Salmon-omics: Effect of Pacific Decadal Oscillation on Alaskan Chinook Harvests and Market Price. Columbia University. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mantua, Nathan J.; et al. (1997). «A Pacific interdecadal climate oscillation with impacts on salmon production». Bulletin of the American Meteorological Society 78: 1069–1079. doi:10.1175/1520-0477(1997)078<1069:APICOW>2.0.CO;2. 
  2. 2,0 2,1 Biondi, Franco; Gershunov, Alexander; Cayan, Daniel R. (2001). «North Pacific Decadal Climate Variability since 1661». Journal of Climate 14 (1): 5–10. doi:10.1175/1520-0442(2001)014<0005:NPDCVS>2.0.CO;2. 
  3. http://www.jpl.nasa.gov/news/news.cfm?release=2008-066
  4. Hare, Steven R.; Mantua, Nathan J. (2000). «Empirical evidence for North Pacific regime shifts in 1977 and 1989». Progress In Oceanography 47 (2–4): 103–145. doi:10.1016/S0079-6611(00)00033-1. 
  5. Hare, Steven R. (6. juli 2004). «Home Page for material relating to possible post-1977 regime shift». http://www.iphc.washington.edu/Staff/hare/html/decadal/post1977/post1977.html. 
  6. Buis, Alan (21. april 2008), Larger Pacific Climate Event Helps Current La Nina Linger, http://www.jpl.nasa.gov/news/news.cfm?release=2008-066 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]