Laks
| Laks | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Infraklasse: | Teleostei | |
| Orden: | Salmoniformes | |
| Familie: | Salmonidae | |
| Slekt: | Salmo | |
| Vitskapleg namn | ||
| Salmo salar | ||
Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å ete krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verte opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.
Laksen lever både i ferskvatn og ute i havet. Han gyt i elver. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dermed ein fisk som er klar til å vandre frå innsjøar og elver og ut i havet.
Det vert drive sportsfiske etter laks.
Mange stadar i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.
Sjå òg[endre]
Bakgrunnsstoff[endre]
| Slå opp laks i Wiktionary, den frie ordboka. |