Deng Xiaoping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deng Xiaoping

Deng Xiaoping vart (22. august 190419. februar 1997) var ein kinesisk kommunistisk politikar frå landsbyen Paifang i Guang'an i austre Sichuan. Han var Kina sin de facto leiar frå 1978, to år etter Mao Zedong var død, til sin eigen død i 1997. Han blir sedd på som det post-maoistiske, reformvenlegare og opnare Kina sin arkitekt. Hans politiske idéar, kalla Deng Xiaoping-teori, er i dag innskrivne i den kinesiske grunnlova saman med marxisme-leninisme-Mao Zedong-tenking og Den viktige tanken om dei tre representasjonane.

Deng hadde enorm pondus i kommunistpartiet, då han blei medlem alt i 1924, og var ein helt under den lange marsjen og krigen mot Japan pluss borgarkrigen, der han gjorde framifrå teneste både som generalsekretær i partiet og som offiser.

Karrieren hans i partiet var stormfull. Etter å ha høyrt til leiarsjiktet i heile karrieren sin til då, blei han i 1967 under kulturrevolusjonen forvist til arbeid på ein traktorfabrikk, fordi han hadde blitt for populær gjennom å motsetje seg visse av Mao sine mest radikale idéar.

I 1974 steig han på nytt til den absolutte toppen etter at Mao hadde blitt sjuk, for så i byrjinga av 1976 å bli tvinga til å seie frå seg alle posisjonar i partiet etter press frå motpolen, «Firarbanden».

Etter at «Firarbanden» hadde blitt arrestert, kunne Deng atter stige inn på politikk-arenaen, og han hadde no den erfaringa og den respekten som måtte til for å utkonkurrere andre maktaspirantar.

Gjennom å lansere «Den opne dør-politikken», fekk Deng raskt fart på kinesisk økonomi, men då han nekta å gjere politiske endringar oppstod det problem. Deng blir sedd som den som ber det største ansvaret for massakren på Den himmelske fred-plassen i 1989. Same året gjekk han av frå den høgste stillinga si i partiet, for så i 1992 frivillig å trekkje seg tilbake frå politikken i det heile. Han blir likevel sagt å ha hatt stor politisk innverknad fram til han døydde i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia, art. med same namnet.