Den kinesiske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kommunistiske «Folkets Frigjeringsher» i 1930.
Chiang Kai-shek og nasjonalistsoldatar i 1945.

Den kinesiske borgarkrigen i moderne tid viser til borgarkrigen som fann stad i Kina i fleire tiår på første halvdelen av 1900-talet. I Kina blir han kalla den nasjonalistisk-kommunistisk borgarkrigen (hanzi 国共内战, pinyin Guógòng Nèizhàn). Den vanlegaste tidfestinga set starten av krigen til april 1927 og slutten til mai 1950. Dei stridande partane var Kuomintang (KMT, Det kinesiske nasjonalistpartiet) og Det kinesiske kommunistpartiet. Krigen byrja etter Nordekspedisjonen, då høgrefløyen av KMT, under leiing av general Chiang Kai-shek, reinska kommunistar og venstreorienterte Kuomintang-medlem frå den dåverande alliansen mellom KMT og kommunistpartiet.

Borgarkrigen gjekk føre seg i rykk og napp fram til han blei avbroten av den andre kinesisk-japanske krigen like før andre verdskrigen. Etter at Japan kapitulerte i august 1945 blussa borgarkrigen opp igjen 1946. Kamphandlingane tok først slutt i 1950, då det kom til ei uoffisiell våpenkvile. Kommunistane hadde då kontroll over Fastlands-Kina (og Hainan), medan nasjonalistane heldt Taiwan, Pescadoresøyane og fleire øyar utanfor kysten av Fujian. Fram til no (2011) er det ikkje blitt underteikna nokon fredsavtale, men dei to partane har etterkvart utvikla diplomatiske og økonomiske band.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den kinesiske borgarkrigen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.