Der Standard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Der Standard
Type Dagsavis
Grunnlagd 19. oktober 1988
Redaktør(ar) Oscar Bronner
Medredaktør: Alexandra Föderl-Schmid
Språk Tysk
Politisk tilknytting Liberal, uavhengig
Hovudkvarter Wien
Nettstad derstandard.at

Der Standard er ei austerriksk landsdekkjande dagsavis som kjem ut i Wien.

Der Standard vert trykka på karakteristisk rosa papir. Ho blei grunnlagd av Oscar Bronner som ei forretningsavis. Avisa vart fyrst selt på gata den 19. oktober 1988. Bronner er framleis utgjevar og sjefredaktør for avisa, ilag med Alexandra Föderl-Schmid, som er den fyrste kvinnelege sjefsredaktøren. Politisk skildrar avisa seg som liberal og uavhengig. Der Standard er ei landsdekkkande avis, men har hovudfokus på Wien.

Ifølgje den austerrikske medieundersøkninga frå 2004 hadde Der Standard 366 000 lesarar i Austerrike.

Internettutgåven av avisa vart starta opp februar 1995.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]