Derwent i Yorkshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°44′58″N 0°58′08″W
Derwent
elv
none  Barmby on the Marsh tidvassbarriere ved munningen til Derwent
Barmby on the Marsh tidvassbarriere ved munningen til Derwent
Land Flag of England.svg England
Grevskap Yorkshire
Tilløp
 - venstre River Rye, Yorkshire
 - høgre Pocklington Canal, Hertford
Kjelde Fylingdales Moor
 - stad North York Moors, Yorkshire, England
 - høgd 260 moh
 - koordinatar 54°22′50.10″N 0°37′23.79″W
Munning Barmby Barrage
 - stad Barmby on the Marsh, Yorkshire, England
 - koordinatar 53°44′58″N 0°58′08″W
Lengd 115,1 km
Nedslagsfelt 2 057 km²

Derwent er ei elv i Yorkshire nord i England.

Ho spring ut i Fylingdales Moor i North York Moors nasjonalpark og renn sørover til ho tar imot elva Hertford før ho renn vestover gjennom Vale of Pickering, sør gjennom Kirkham Gorge og Vale of York før ho renn saman med Ouse i Barmby on the Marsh. Samløpet er uvanleg fordi Derwent renn saman med Ouse med ein smal vinkel i retning oppover elva.

Nedslagsfeltet til Derwent omfattar 2057 km² og dekkjer Upper Derwent, Rye, Hertford, Bielby Beck og Pocklington-kanalen og sideelvane deira. Busetnader i nedslagsfeltet er mellom andre byane Stamford Bridge, Malton, Pickering, Helmsley, Filey og Scarborough. Området grensar til Cleveland Hills, North York Moors og Hambleton Hills i nord, Yorkshire Wolds og kysten i aust, Vale of York i vest og Ouse og Humber-estauaret i sør. Området kring elva er hovudsakleg landleg. Store område kring elva har bevaringsstatus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: River Derwent