Des Moines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midtbyen i Des Moines
Des Moines botaniske senter
Gatebilete i Des Moines

Des Moines er hovudstaden og den mest folkerike byen i delstaten Iowa i USA. Byen ligg i Polk County og er fylkessete for same. Des Moines har vel 203 000 ibuarar (2010), fordelt på 213,9 km2.

Des Moines er særleg kjend som sete for fleire av dei største forsikringsselskapa i USA. Byen hyser også nokre av dei store finans-selskapa og forlagsverksemdene i landet. Mellom selskapa som har hovudkvarter i Des Moines finn ein Principal Financial Group, forsikringsselskapet Aviva, Meredith Corporation, Ruan Transportation, EMC Insurance Companies og Wellmark Blue Cross Blue Shield. Store konsern som Wells Fargo, ING Group, Nationwide Mutual Insurance Company, Marsh, Monsanto og Pioneer Hi-Bred har store kontor eller omfattane verksemd i byen eller i storbyområdet kring Des Moines. Microsoft, Hewlett Packard og Facebook har i dei seinare år lagt delar av produksjonen til storbyområda i og ved Des Moines.

Høgste bygningen i byen og i delstaten er skyskraparen The Principal Building. Det 192 meter høge bygget stod ferdig i 1991, og er hovudkontor for Principal Financial Group.

Des Moines reknar grunnleggjinga til året 1843, då offiseren James Allen fekk bygt eit fort ved åmotet mellom elvane Des Moines og Raccoon. Byen fekk namnet Des Moines i 1857, då han tok over som delstatshovudstad etter Iowa City.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]