Desperate Housewives

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Desperate Housewives, kalla Frustrerte fruer på norsk, er ein amerikansk fjernsynsserie, skapt av Marc Cherry. Handlinga utspelar seg på Wisteria Lane i den fiktive byen Fairview i Eagle State. Serien fylgjer liva til fire husmødrer, og viser problema dei har, både med normale småting og mysteria som involverer mennene, venene og naboane deira. Tonen og stilen til serien kombinerer element frå drama, komedie, mystikk, såpeopera og satire.

Cherry lanserte i byrjinga idéen til serien til fjernsynskanalane HBO, CBS, NBC, Fox, Showtime og Lifetime, men alle avslo han. Til slutt vart serien kjøpt opp av American Broadcasting Company, og han vart ein suksess frå fyrste episode. I Noreg vert serien sendt på TV 2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]