Det argentinske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det argentinske statsflagget.
Det argentinske pynteflagget.

Det argentinske flagget er danna av tre like breie vassrette striper i lyseblått, kvitt og lyseblått. I midten av midstripa kan det vera ei gylden sol. Stripeflagget blei innført i 1812 og sola lagt til i 1818.

Flagget med sol blir kalla «det offisielle seremoniflagget» (spansk Bandera Oficial de Ceremonia), medan versjonen utan sola blir kalla «pynteflagget» (spansk Bandera de Ornato). Det seremonielle er både sivilt flagg, statsflagg, krigsflagg og orlogsflagg, mens pynteflagget er sivilt flagg og orlogsflagg.

Flaggdagen har sidan 1938 blitt feira den 20. juni, som er offentleg høgtidsdag. Dette er dødsdagen til general Manuel Belgrano, som innførte flagget under den argentinske sjølvstendekrigen.

Dei blå og kvite fargane stammar frå kokardar brukte av sjølvstendeforkjemparar i 1812.

Solemblemet blir kalla Maisola (spansk Sol de Mayo). Det er henta frå den første agentinske mynten, som blei slått i 1813.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det argentinske flagget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.