Statsflagg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det tyske statsflagget

Statsflagg er eit flagg som vert bruka av dei statlege styresmaktene i eit land.

I somme land, til dømes USA, Frankrike eller Japan, brukar dei statlege styresmaktene nasjonalflagget uforandra. Danmark og Island har konstruert statsflagg ved å forlenge nasjonalflagget og gje dei ein splitt, medan Finland, Noreg og Sverige har statsflagg med splitt og tunge. I mange europeiske land viser statsflagget landets riksvåpen, slik som i Tyskland, Austerrike og Belgia.

Statsflagget kan vere identisk med orlogsflagget, men mange land har eigne orlogsflagg for militær bruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]