Det brasilianske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det brasilianske riksvåpenet

Det brasilianske riksvåpenet vart laga 19. november 1889, 4 dagar etter at Brasil vart ein republikk.

Riksvåpenet viser eit midtemblem som er omgjeve av kaffi- (på venstre side) og tobakkgreiner (på høgre side). Begge desse plantene er viktige landbruksprodukt i Brasil.

I den blå sirkelen i midten visest Sørkrossen. Rundt ligg ein ring med 27 stjerner som representerer dei 26 statane og det eine føderale distriktet i Brasil.

På det blå bandet står det offisielle namnet til Brasil på den fyrste linja, «República Federativa do Brasil» (Sambandsrepublikken Brasil). På den andre linja står datoen republikken vart skipa, 15. november 1889.


Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Coat of arms of Brazil» henta frå Wikipedia på engelsk 4. januar 2007.