Sørkrossen
| Sørkrossen | |
|---|---|
| Latinsk namn | Crux |
| Forkorting | Cru |
| Genitivsform | Crucis |
| Symbologi | Tidlegare del av Kentauren |
| Rektasensjon | 12 h |
| Deklinasjon | −60° |
| Areal | 68 kvadratgrader nr. 88 av stjernebilda |
| Stjerner sterkare enn mag. 3 |
4 |
| Sterkaste stjerne | Mimosa (β Cru) (1,25. mag.) |
| Meteorsvermar | |
| Tilgrensande stjernebilde |
|
| Synleg mellom breiddegradane +20° og −90° | |
Sørkrossen eller Sørkorset (frå latin Crux) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er det minste av dei offisielle stjernebilda, og er ein krossforma asterisme.
Sørkrossen er synleg på den sørlege halvkula av jorda store delar av året. Det er også synleg nær horisonten i tropiske delar av den nordlege halvkula nokre timar om natta under vinteren og våren.
Stjernebiletet er omgjeve av Kentauren på tre sider og Fluga på ei. Det er på motsett side av himmelkvelvinga til Kassiopeia, og desse kan dermed ikkje bli sett samstundes.
Historie [endre]
Sørkrossen var rekna som eit stjernebilete i ei rekkje kulturar på den sørlege halvkula. Det var også kjend av dei antikke grekarane, men seinare gløymd. Under oppdagingstida blei det gjenoppdaga av europearar, og offisielt skildra av den franske astronomen Augustine Royer i 1679.
Inkaene rekna biletet som ein chacana, eit symbol som stod for tre nivå i livet.[1] Maoriane kalla biletet Te Punga, 'ankeret' som fortøygde wakaen til Tama-rereti, som me kjenner som Mjølkevegen. På Tonga blei det kalla Toloa, 'anda', og sett på som ei and som flaug sørover med ein såra veng fordi Ongo tangata, to menn, stjernene α og Β i Kentauren, kasta stein på henne. På Samoa blei bilete kalla Sumu, 'avtrekkarfisken', og i Indonesia og Malaysia piggrokken. Begge fiskeslaga har firkanta former som kan minna om stjernebiletet. Javanesarar syntest det likna ei kornhytte og kalla det gubug pèncèng eller lumbung. Kristne europearar såg derimot stjernene som ein kross på himmelen.
Sørkrossen er eit viktig nasjonalsymbol for fleire land på den sørlege halvkula. Han finst i fleire nasjonalflagg frå Oseania, til dømes i flagga til Australia, New Zealand, Papua Ny-Guinea og Samoa. Det finst også i det brasilianske flagget og i fleire regionale flagg frå Argentina og Chile. Krossen blir òg brukt som symbol for handelssambandet Mercosul.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Södra korset» frå Wikipedia på svensk, den 14. mai 2011.