Det haitiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det noverande haitiske riksvåpenet
Det haitiske riksvåpenet frå Duvalier-tida. Dei einaste større skilnadene er utforminga av flagga, i tråd med endringa av nasjonalflagget på den tida, og at den frygiske hua er utelaten.

Det haitiske riksvåpenet vart fyrste gong teke i bruk i 1807, og har vore slik det er i dag, sidan 1986.

Det viser seks draperte haitiske flagg, tre på kvar side, med ein palme og to kanonar på ein grøn plen framom. Det er også plassert fleire gjenstandar på plenen, som ei tromme, to signalhorn, to gevær og to anker. Ovanfor palmetreet er det plassert ei frygisk hue, som eit symbol på fridom. På plenen mellom tromma og bandet er det to lenkjebitar, som eit symbol på at slavetida er over. Bandet ber nasjonalmottoet, L’Union Fait La Force («Einskap gjev styrke»).

Det eldste våpenet for Haiti ein kjenner til, er frå 1807. Det viser fleire nasjonalflagg, med to kanonar og palmetre. Det symboliserer kampen for sjølvstendet. Det var i bruk fram til 1849, då general og president Faustin Soulouque krona seg sjølv som keisar Faustin I. På same tid tok han i bruk eit nytt riksvåpen, som viste to kanonar og ei (fransk) imperiell ørn. To løver vart brukte som støtte, og det heile var plassert på ei lilla kappe. Keisaren vart tvinga til å forlate landet i 1859, då det gamle nasjonalvåpenet vart teke i bruk att. Sidan har komposisjonen vore den same, men fargane og elementa har vorte endra på.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «National Arms Of Haiti» hjå Heraldry of the World.