Gevær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit britisk Lee Enfield-gevær

Gevær er eit tohands skytevåpen med langt løp berekna for langhaldsskyting (over 100 meter).

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ordet gevær kjem av det tyske ordet «gewehr» i tydinga verje, ei nemning på eit våpen nytta av den einskilde soldat. Nemninga indikerte ikkje kva for våpentype det gjaldt. Tidlegare kan ein ha meint «sidegevær», som kårde, sabel og liknande eller «kortgevær». Dei første handhaldne kanonane som var opphavet for arkebusen tok til å dukke opp alt på 1200-talet. Frå midten av 1400-talet vart desse utforma slik at vi no kan kalle desse dei første gevær; med tenningslås, kolbe og løp.[1] Dei blei nytta fram til førstninga av 1600-talet. Den vart erstatta av musketten som vart nyta frå 1500-talet og fram til dei vart erstatta av rifla på midten av 1800-talet.

Gevær i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje visst når gevær første gongen vart fyrt av i Noreg, men vi veit at gevær var mellom våpna då sjørøvaren Bartolomeus Voet plyndra Bergen i 1429.[2]

Det mest kjente norske geværet er Krag-Jørgensen M/1894, som var standardgevær i det norske forsvaret frå 1894 fram til andre verdskrig. Forløparen var Jarmann M/1884, som òg var norsk.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein har i dag desse typane gevær:

Maskinpistol blir ikkje rekna som eit gevær, heller ikkje en pistol, men som ein eigen klasse imellom desse.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Gevær nyttast til jakt, skytesport og militært bruk. Til jakt og sportsskyting nyttar ein repetergevær eller halvautomatisk gevær, fordi heilautomatiske skytevåpen er forbode til alt anna enn militær bruk. Halvautomatiske gevær med militært utsjånad er òg forbodne til jakt, ifølge våpenlova.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. History Channel - Tales Of The Gun: Early Guns
  2. http://www.alvdalskytterlag.no/dfsdrama.htm