Dick Fosbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dick Fosbury


Statsborgarskap USA
Fødd 6. mars 1947
Portland i Oregon
Død

12. mars 2023 (76 år)
Salt Lake City

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Richard Douglas Fosbury, kjend som Dick Fosbury, (6. mars 194712. mars 2023) var ein USA-amerikansk høgdehoppar frå Medford i Oregon som forbløffa idrettsverda då han i 1968 vart olympisk meister med ein heilt ny hoppstil. Den såkalla fosburyfloppen vart over ein 10–15-årsperiode den heilt dominerande måten å høgdehoppe på.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fosbury byrja bruke floppstilen i 1964-sesongen. Han starta springe tilnærma diagonalt med lista, for så å bende av mot lista og til sist vende ryggen mot lista og der etter utføre bykset. Fordelen, samanlikna med den då rådande dykkstilen, er at massesenteret i eit flopphopp ligg mykje lågare og at det såleis trengst mindre kraft i skyvet.

Den store idrettslege framgangen kom i OL-sesongen 1968. I juni månad sette Fosbury personleg rekord med 2,19 meter då han vart studentmeister (NCAA) i Knoxville i Tennessee. Tre månader seinare var han ein av tre utøvarar som tok seg over 2,20 m då USA heldt uttaksstemne i South Lake Tahoe i California, alle saman gjorde personbeste. Under OL-finalen i Mexico-byen den 20. oktober gjekk han over 2,22 m i fyrste forsøk, medan landsmannen Ed Carruthers smaug seg over i sitt andre forsøk. Den neste høgda, 2,24 meter, tok Fosbury i tredje forsøk, Carruthers feila i alle sine hopp. Fosbury forsøkte seg så på verdsrekordhøgda 2,29 m, der var han sjanselaus.

Etter Mexico-leikane makta han ikkje å hevde seg i verdseliten i høgdehopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dick Fosbury