Diktat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diktaren Konrad von Würzburg som gjev diktat til ein skrivar. Illustrasjon frå Codex Manesse frå 1300-talet.
Kvinne tek diktat i 1949.

Diktat er ei øving som går ut på å skriva ned ein tekst ut frå noko som blir sagt av ein annan. Diktatar kan omfatta lister av ord, enkeltsetningar eller lengre, samanhengjande tekstar. Ein kan også ha notediktat.

Ein kan halda diktat for å få noko raskt skrive ned, som ei øving eller ein prøve i rettskriving, eller som ei tevling. Tradisjonelt er det folk som både har gjeve og teke diktat, anten direkte frå ein talar eller frå diktafonar, men med datamaskinar har ein også utvikla programvare som kan omsetja tale til tekst, eller som kan gje diktatar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «diktat» er avleidd frå det latinske dicere, 'å seie', som også har gjeve «diktere». På norsk skil ein mellom ein diktat, skriveøvinga, og eit diktat, om noko ein oppfattar som ein pålagt ordre i eit ujamnt makttilhøve, til dømes innanfor ein hierarkisk organisasjon eller mellom to ulike grupper.[1] Det blir då ofte brukt som motsats til dialog. Både dikt og diktatur har liknande opphav.

Diktat i opplæring[endre | endre wikiteksten]

Diktatar kan brukast til å testa kunnskap om ord, språklydar, rettskriving og teiknsetjing innan hovudspråket eller under læring av andrespråk. Diktaten kan brukast i samband med skriveopplæring, lyttetrening eller som eit evalueringsverktøy for å finna ut kor mykje kvar enkelt student kan eller har pugga, og kva dei treng å øva på.[2] Ein kan til dømes bruka diktat til å sjå om studentane kan skilja mellom sj- og kj-lyd, enkle og doble konsonantar eller andre område innan rettskrivinga som kan vera vanskelege.[3]

Den tause andelege leiaren Meher Baba dikterer til ein mann ved hjelp av ei tavle.

Diktering som hjelpemiddel[endre | endre wikiteksten]

Hovudføremålet til ein diktat kan også vera å få ein tekst nedskriven. Det kan brukast av personar som ikkje har tid eller kompetanse til å skriva (raskt), som helsepersonell, folk i leiarstillingar eller folk med funksjonshemmingar eller lærevanskar.[4]

Diktat som underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Diktatar har også vore brukt som selskapsleik eller til meir alvorlege tevlingar. Han var til dømes populær ved hoffet til Napoleon III, og forfattaren Prosper Mérimée skreiv ein kjend diktat til bruk her i 1857. Keisaren sjølv skal ha hatt 75 feil i det finurlege stykket, forfattaren Alexandre Dumas 24, og den austerrikske ambassadøren von Metternich berre fire. Dumas skal derfor ha bede ambassadøren om å vitja Académie française «for å læra oss rettskriving».[5]

I nyare tid finst det fleire døme på større nasjonale eller internasjonale tevlingar i rettskriving der diktat er ei sentral øving. Ein har halde franskspråklege diktatar som Dicos d'or (1985-2005), opphavleg i Frankrike og seinare internasjonalt; Dictée des Amériques (1994-2009), ein internasjonal prøve i Quebec, og Dictée d'Afrique frå 1996, hovudsakleg for afrikanske deltakarar. Sidan 1991 har ein også halde den nederlanskspråklege Groot Dictee der Nederlandse Taal i Nederland og Belgia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Diktat

Døme

  • Norske diktatar:
    • Diktat med fokus på sj-lyden ved norsknettskole.no
    • Diktat med fokus på kj-lyden ved norsknettskole.no
  • Engelske diktatar:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Til dømes: «Iran: Ja til dialog, nei til diktat», Aftenposten.no, 24.sep. 2008; «Valla: - Diktat og avtalebrudd», frifagbevegelse.no, 05.09.2006; «Mot nytt Dagblad-diktat», journalisten.no, 14.10.2008; «Regjeringa vel diktat framfor dialog» Politiets Fellesforbund (pf.no), 03.02.2009
  2. Diktat ved lommedalenskole.no
  3. Test deg selv 12 - diktat ved utdanning.no
  4. Charles A. Macarthur, Albert R. Cavalier, Dictation and Speech Recognition Technology as Test Accommodations, Exceptional Children, Volume 71, Number 1 / Fall 2004
  5. Dictée de Mérimée ved Fransk Wikipedia, henta 26. november 2011