Diskusjon:Alveolar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alveolare fonem[endre wikiteksten]

No står det: “Alveolare fonem i dei fleste former av norsk er / t d n s /, dvs. stemt og ustemt alveolar lukkelyd, og alveolar nasal og alveolar frikativ.” Dette er litt uklårt: I vestnorsk er det rettnok slik at t, d, n, l og s har alveolar uttale, og i dei fleste former av austnorsk har r alveolar uttale. Ein del dialektar kring Midt-Noreg har trippelopposisjon mellom dental, alveolar og retrofleks. I andre austnorske dialektar har t, d og n (og ofte l og s) oftast dental uttale og står i opposisjon til retroflekse språklydar... Ein annan ting er at alveolar uttale er noko anna enn alveolar (lungesekkar). Burde kanskje tenkje ut eit anna artikkelnamn i eit av desse falla og ha noko slags fleirtydingsoppsett...? -- Olve 30. des. 2005 kl. 23:58 (UTC)

Ja, du har rett i det at dette er uklårt, slike store svip blir jo det. Diskusjonar om norske dialektar høyrer ikkje heime i dette artikkelsettet (artikulasjonsstader) i det heile, men i artiklane om norsk fonologi, etter at artikulasjonsstadene er etablert. Så her er det berre å snevre inn.
Så til det med fleirtyding. Eg likte helelr ikkje heit det eg gjorde (med eit reint adjektiv som opplsagsord), det var systematikken frå dei andre artiklane som gjorde det. Betre ville kanskje vore å ha eit substantiv etterpå, fleire av dei andre språka har det. Trondtr 31. des. 2005 kl. 09:19 (UTC).