Alveolar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alveolare lydar, som regel lamino-velare lydar er språklydar som er uttalt ved at tungebladet (lamina) blir heva opp mot tannryggen (alveoli), enten slik at luftstraumen stoppar heilt opp (til ein alveolar lukkelyd, eller ved at han nesten stoppar (alveolar frikativ). Lufta kan også sleppe ut gjennom nasen, då har vi ein alveolar nasal. Alveoli er kanskje den mest utnytta artikulasjonsstaden i menneskeleg språk, sannsynlegvis fordi det er der tunga tar borti ganen når ho er i kvilestilling. Alveolare fonem i dei fleste former av norsk er / t d n s /, dvs. stemt og ustemt alveolar lukkelyd, og alveolar nasal og alveolar frikativ.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.