Diskusjon:Bjørnevòk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor er namnet skrive ulikt i tittelen og artikkelen? --EIRIK\diskusjon 10. mai 2010 kl. 17:42 (CEST)[svar]

Det kan vera fordi hovudforma av namnet må stå i artikkelnamnet på grunn av retningslinene våre, men artikkelforfattaren nyttar sjølv ei anna form av ordet. Men kanskje me i så fall burde ha med begge formene. --Tannkrem 10. mai 2010 kl. 18:57 (CEST)[svar]
Det kan òg vere fordi forfattaren av og til tastar feil og lagrar utan å lese over. Eg har sett liknande og verre feil frå same karen før. --Knut 10. mai 2010 kl. 20:46 (CEST)[svar]
Så det skal vere -våk også i tittelen? --EIRIK\diskusjon 10. mai 2010 kl. 20:47 (CEST)[svar]
Uff, eg såg berre feilen i artikkelen. Vel, som eg sa........... --Knut 10. mai 2010 kl. 21:04 (CEST)[svar]

Eg får googletreff både på Bjørnevok og Bjørnevåk, og eg veit ikkje om det eine er gale. Men Historisk leksikon skriv Bjørnevåk. Tittelen med -vok kom ved at eg klikka på ei raudlenkje på Primstav-artikkelen. Mest truleg er det feil, men det heiter jo olsok, så no vart eg i tvil... --Knut 10. mai 2010 kl. 21:14 (CEST)[svar]

Eller kanskje det har noko med «å vake» å gjere, slik at artikkelen skal heite bjørnevak? --EIRIK\diskusjon 10. mai 2010 kl. 21:42 (CEST)[svar]
Allkunneboka seier Bjørnevòk. Om nokon har gode kjelder for noko anna, så flytt i veg, men Allkunneboka er både gammal og god. --Knut 10. mai 2010 kl. 21:57 (CEST)[svar]
Nei då, den er fin-fin, den. --EIRIK\diskusjon 10. mai 2010 kl. 22:06 (CEST)[svar]