Diskusjon:Bjerkreim Kristelege Ungdomslag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setninga «å vinna menneske for Kristus og styrkja sant kristenliv» er i mine auge formuleringar som ikkje høver i eit leksikon, om det ikkje er eit ordrett sitat. Dette er vendingar eg trur berre gjev meining for kristne. --Ekko 19:26, 20 mars 2007 (CET)

Raud Ungdom er ein revolusjonær, feministisk organisasjon som organiserer ungdom til kamp for sosialisme, med mål om eit klasselaust samfunn; Bjerkreim Kristelege Ungdomslag har til formål å vinna menneske for Kristus og styrkja sant kristenliv. Eg er samd i at det er best å gjengje formålet ordrett, eg er òg samd i at formålet ikkje appellerer like godt til alle lag av folket. Men det gjeld begge organisasjonane, og artiklane gjev eit bilete av norsk organisasjonsliv.
.Dessutan: ikkje ver for rask med å slå forfattarar over kjeften. - Knut 22:50, 20 mars 2007 (CET).
Formuleringa i artikkelen om Raud Ungdom er relativt nøytral, og har og lenkjer til dei ideologi-skildrande orda som er brukte. Setninga Ekko trekk fram her, er unøytral og uleksikalsk. Poenget er altså ikkje kor setninga kjem frå, men korleis føremålet til organisasjonen er formulert. Raud Ungdom sitt føremål er konkret formulert I RU sine eigne dokument, difor kan RU si eiga formulering nyttast også i ein Wikipedia-artikkel. --Tannkrem 00:15, 21 mars 2007 (CET)
Knut: Eg slår ingen. Eg skriv leksikon. Eg prøver å seie ein bidragsytar at det finst formuleringar som gjev meining i einskilde miljø, men ikkje er allment bruka og difor vil vera uforståelege for mange. Difor foreslår eg at ein anten kjem med eit ordrett sitat (t.d. frå vedtektar), eller nyttar vanlege formuleringar. Kvifor du vert provosert av det skjønar eg ikkje. --Ekko 08:31, 21 mars 2007 (CET)
.Bortklipping kan oppfattast som eit flathand over kjeften. Slå gjerne meg, eg slår att, men ver varsam med framandfolk.
Dersom (tilpassa) ordrett sitat frå vedtekter er OK, er vi samde. - Knut 09:00, 21 mars 2007 (CET)

Løysinga var enkel — utsegna er omgjort til tydeleg markert sitat med kjelde. Når det gjeld språkbruken din, Knut, så vil eg be deg om å hugse at dette er eit skriftleg, offentleg (svært) tilgjengeleg dokument. Tel gjerne til ti (eller tjue) føre du skuldar nokon for slag neste gong. -- Olve 15:51, 21 mars 2007 (CET)

Ingen har slått meg, og noko av det eg skreiv var upassande. Eg har sett ein strek over det. - Knut 16:09, 21 mars 2007 (CET)