Diskusjon:Dagen for galisisk litteratur

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meir enn ein litteraturdag?[endre wikiteksten]

For nokre år tilbake var eg i Galicia på 17. mai ilag med mange andre nordmenn og vi passa på å feire nasjonaldagen vår med eit lite tog. Spanjolane som vi var mykje ilag med drog fram nokre galisiske flagg for å feire med. Då sa dei at dagen var viktig for dei òg, utan at eg kan hugse at dei utdjupa det noko nærare. Dette tyder på at dagen kan vere viktig for sjølve identiteten åt dei frå Galicia, ikkje berre for litteraturen. -- Larsivi 21. mai 2005 kl. 1101 (UTC)

Det høyrest interessant ut! Eg veit ikkje meir om dagen enn det som stod på engelsk wikipedia. Men det at dei driv med språkreising og slikt tyder jo på at han er ein identitetsdag til liks med den norske. -- Ranveig 21. mai 2005 kl. 1414 (UTC)