Diskusjon:Damal Krishnaswamy Pattammal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Alfabetisering av dravidiske namn[endre wikiteksten]

I namnet Damal Krishnaswamy Pattammal er dei to første namna slektsnamn og det siste er «førenamn». På den andre sida er førenamnet gjerne det namnet t.d. musikarar er kjende under — i dette tilfellet, D.K. Pattammal eller rett og slett Pattammal. Kanskje burde vi alfabetisere dette namnet under Pattammal sjølv om det ikkje er etternamnet? Mellomaldernamn blir òg helst alfabetiserte under førenamn... -- Olve 17. jan 2005 kl. 22:34 (UTC)

Eg diskuterte nettopp dette med dravidiaren her i huset, og me kom fram til at det nok var best å sortera dei etter førenamnet. "Etternamn" (som altså står først) er rett og slett ikkje så viktige som førenamnet. Når det gjeld Subrahmanyan Chandrasekhar er til dømes Subrahmanyan ganske enkelt namnet til faren hans, og då blir det rettare å sortera under Chandrasekhar. Meiner me.
I tillegg har dette sjølvsagt den fordelen at personane blir sortert under det som for uinnvidde ser ut som etternamnet... -- Ranveig
Greitt! Da er vi einige — og vi har ein politikk på dette òg! :-) -- Olve 17. jan 2005 kl. 23:09 (UTC)
Mange musikarar er kjende under "bynamnet", t.d. TN Seshagopalan er betre kjend som Madurai Seshagopalan, T Chowdiah som Mysore Chowdiah, osv. Nokre er *berre* kjende med bynamnet - t.d. "Bombay Jayashree". Eg lurer på kva for eit namn me bør bruka når me skriv om dei... kanskje hovudartikkelen kan leggjast under ekte namnet, med ei omdirigering under namnet dei er kjende under? Vadakkan 18. jan 2005 kl. 00:08 (UTC)
Sant nok — Eg tykkjer personleg at det er rettast å leggja artikkelen på fullt «ekte namn» med tilvisingar frå kunstnarnamnet/tilnamnet: Bombay Jayashree > Jayashree Ramnath (alfabetisert under etternamnet R.?); Mysore Chowdiah > T... Chowdiah (med utfylling av kva T. står for). -- Olve 18. jan 2005 kl. 00:29 (UTC)
Tja, eg er nå ikkje sikker på om det heile, fulle namnet bør brukast i alle tilfelle. Eg veit ikkje så mykje om karnatiske songarar, men når det gjeld forfattarar som er kjende under initialar (t.d. V. S. Naipaul eller J. R. R. Tolkien), synest eg det er best å bruka dette namnet. Det fulle namnet kjem likevel først i innleiinga av artikkelen. Sånn berre for å ha diskutert dette òg, meiner eg. -- Ranveig 18. jan 2005 kl. 18:35 (UTC)