Diskusjon:Den kapitolinske triaden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ved søk på Google får eg opp den kapitolinske triade på berre nokre få oppslag, dei fleste av desse er frå dansk. Triase peikar mest til nynorsk wikipedia. Uvisst om dette er eit kjend omgrep. --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 28. november 2014 kl. 23:01 (CET)[svar]

Hmm...Google-søk på ulike kombinasjonar (den kapitolinske triade/triase/treenighet/treeining, kapitoltriade(n), kapitolintriade(n), osb.) gjev veldig få treff. Den kapitolinske triaden gjev 2 treff i Nasjonalbiblioteket. Den kapitolinske treenigheten gjev 1 treff. — Gaute snakk - epost - signér 28. november 2014 kl. 23:39 (CET)[svar]
...og den kapitolinske triade gjev 3 treff. — Gaute snakk - epost - signér 28. november 2014 kl. 23:43 (CET)[svar]
Ikkje mykje. Om vi skal ha artikkelen bør han i allefall flyttast til triade/triaden. Artikkelen er moglegvis oppretta fordi det var ei rød lenkje i artikkelen om Kapitol. Feilskriving? S er ved sida av D på tastaturet. ;-) Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 29. november 2014 kl. 00:24 (CET)[svar]
Plausibelt resonnement! Det kan høyrast ut som ein skriveleif. Eg flytter sida til «Den kapitolinske triade». — Gaute snakk - epost - signér 29. november 2014 kl. 01:16 (CET)[svar]
Til orientering: Artikkelopprettar hadde nok meint "triasen" som bestemt form av trias. Både trias og triade er lovlege former, ifølgje nynorskordboka. "Den kapitolinske trias" gjev nokre treff på bokmål, men ikkje mykje. Triase er det derimot ingenting som heiter. Eg ser det er blitt oppretta ei omdirigering frå den fyrste tittelen til den noverande, så alt språkleg skulle vera i orden no! HallvardLid (diskusjon) 1. desember 2014 kl. 16:17 (CET)[svar]