Kapitol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kapitolplassen (Piazza del Campidoglio)

Kapitol (latin Capitolinus Mons, italiensk Campidoglio) er den høgaste av dei sju høgdene i Roma. Ho ligg mellom Forum Romanum og Marsmarken. I antikken låg det eit tempel for den kapitolinske triasen der, det vil si Jupiter, Juno og Minerva. Tempelet vart påbyrja av den siste kongen av Roma, Lucius Tarquinius Superbus, og vart rekna som eit av dei største og vakraste i byen. Høgda er i dag prega av Kapitolmuseuma.

Høgda er kjend for ei rekkje hendingar Roma sin historie. Det var der Brutus og hans medsamansvorne stengde seg inne i tempelet etter mordet på Julius Cæsar. Graccherane låg komplottet sitt og vart myrda der. Generalar som vart innvilga ein triumf såg ut over byen frå høgda. Gallarane vart sleppt inn i citadellet av vestallinna Tarpeia, som seinare vart avretta ved å bli kasta ned frå det som vart kjend som den tarpeiske klippa. Seinare skulle òg andre som var dømd for politiske lovbrot verte avretta der. Då gallarane plyndra Roma i 390 f.Kr. var høgda den einaste delen av byen som ikkje vart inntatt.

Frå 1536 til 1546 endra Michelangelo Buonarroti høgda fullstendig ved å bygge tre palass som rundt ein trapesforma plass. Inngangen er via ei brei trapp. Michelangelo reverserte heile planen for høgda; tidlegare hadde ho hatt utsikt mot mot Forum, keisaren sitt Roma, men plassen vender ut mot den andre sida, pavane sitt Roma. Dei tre palassa er heim for Kapitolmuseuma.

Ved sida av plassen ligg kyrkja Santa Maria in Aracoeli. Ved foten av høgda ligg ruinar av ein romersk insula på meir enn fire etasjar, som er synleg frå gata.

Det engelske ordet Capitol kjem frå frå Kapitol. Historia om at ordet kapital òg kjem derfrå, sidan det vart slått mynt i tempelet, er ikkje riktig; det ordet kjem frå capite som tyder «hovud».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]