Diskusjon:Erica Löfström

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ønskje om sletting[endre wikiteksten]

Dersom Spesial:Bidrag/84.49.40.246 faktisk er Erica Löfström, bør vi vel ta dette ønskjet på alvor og sletta artikkelen frå wikipedia. Men særleg i og med at teksten vart skriven på engelsk, er eg skeptisk til om dette er personen.. Føreslår difor å fjerna slettemerkinga inntil vidare. HallvardLid (diskusjon) 22. november 2013 kl. 10:24 (CET)[svar]

Jeg kan ikke se noen grunn til å slette artikkelen og det bør under alle omstendigheter ikke tas hensyn til at en IP påstår å være artikkelobjektet. Forøvrig kan Erica Löfström henvende seg til OTRS via e-post til info-no@wikimedia.org dersom hun mener det er et problem med artikkelen. Når det gjelder fødselsåret, så er det 1971 og ikke 1978, jeg har sjekket skattelistene. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 22. november 2013 kl. 12:03 (CET)[svar]
Det er eit brukarnamn som også har vore involvert i fødselsdato-endringa, og det er det same som det til hovudpersonen i boka (og dei redigeringane skjedde når boka hadde vore ute toppen eit par dagar). Endringane frå IP'ane som påstår seg vere forfattaren og denne brukaren som heiter det same som hovudpersonen skjer same dag, att og fram. Nokon verkar ha forlenga diktarprosjektet til Wikipedia. Det er forstyrrande for Wikipedia, men artikkelen kan godt stå utan fødselsdato, om det gjer at personen det gjeld heller kan få konsentrert seg om å skrive bøker. --46.15.71.255 23. november 2013 kl. 11:45 (CET)[svar]
Personar avgjer i alle fall ikkje sjølve om dei skal ha artiklar om seg på Wikipedia eller ikkje. No er ikkje eg so lovkunnig at eg kan alle lover og reglar som er relevante her, men eg kan ikkje sjå at det finst noko som helst lovleg grunnlag for å sletta ein artikkel som dette. Og då vert det eine og åleine opp til dei ålmenne retningslinene våre; som spør om forfattaren er kjend nok til å ha eigen artikkel. Og det er ho nok. --Njardarlogar (ordskifte) 23. november 2013 kl. 12:27 (CET)[svar]