Diskusjon:Europa Universalis III

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei korleis kan man legge til eit bilete med riktig lisens på artikkelen? I he sett litt rundt på hjelp men i forsto ikkje heilt det som sto der. Det bilete i he lyst til å setja inn er det som engelsk wikipedia har. --Marius

Engelsk Wikipedia bruker mange bilde som ikkje har fri lisens. Dette er ikkje lov på nokon annan Wikipedia. Dersom bildet ligg på Commons kan du bruka det, viss ikkje er det sannsynlegvis (dessverre) umogleg. --Ranveig (diskusjon) 9. mars 2020 kl. 21:01 (CET)[svar]
Hei takk for svaret. Er det mogleg at i tek eit bilete av spelet og laste det opp hit? --Marius
Nei, eit bilde av coveret vil ikkje kunne ha fri lisens på grunn av opphavsretten. På nynorsk wiki har det derimot gått bra å bruke logoane til spel, dersom dei berre består av bokstavar, som her eller her. --Bjarkan (diskusjon) 9. mars 2020 kl. 22:03 (CET)[svar]
Sidan dette er eit historisk spel vil det kanskje også vera mogleg å finna bilde av historiske figurar som er med i spelet, eller gamle kart. Det går an å vera kreativ. --Ranveig (diskusjon) 10. mars 2020 kl. 10:09 (CET)[svar]
Den som blir brukt på den franske artikkelen er ein slik logo. Er det lov å bruke den? --Marius
Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur den logoen er grei å bruka ettersom han truleg ikkje har verkshøgd. Eg ser at Tysk Wikipedia også bruker ein liknande versjon. Sidan fleire tydelegvis er i tvil er det kanskje best å lasta han opp lokalt på nn-wiki (Spesial:Last_opp)? Commons-administratorane er kjende for å vera ekstremt strenge. --Ranveig (diskusjon) 10. mars 2020 kl. 13:01 (CET)[svar]
Det står at i ikkje he løyve til å laste opp fila. --Marius
Eg har endra tilgangen din, har du løyve no? --Ranveig (diskusjon) 10. mars 2020 kl. 17:21 (CET)[svar]
Det står at i fortsatt ikkje he løyve. Det står også at bare administratorar kan laste opp filer så i tenke at det er best at du gjer det. --Marius
OK. Eg har diskutert dette med ein ekspert på opphavsrett som ikkje kunne garantera at denne logoen var heilt uproblematisk å bruka. Derfor har eg laga ein illustrasjon som garantert kan brukast, og lasta han opp på Commons. --Ranveig (diskusjon) 10. mars 2020 kl. 20:44 (CET)[svar]
Takk for hjelpa. :) --Marius