Europa Universalis III
| Europa Universalis III | |
| Utviklar(ar) | Paradox Interactive |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Paradox Interactive |
| Sjanger | Strategi, Historisk strategi |
| Spelmodus | Einspelar, Fleirspelar |
| Utgjeving | EU 26. januar 2007 NA 23. januar 2007 |
| Krav | Windows Utgåve: Windows XP, 2000 Minimum: Mac OS X 10.3.9 eller høgre 512 MB RAM Intel eller G5 prosessor GeForce 5200, Radeon 9600 or GMA 950 med 64 MB VRAM 700 MB fri harddisk kapasitet |
| Versjon | 1.3 |
| Aldersgrense | ESRB: E 12+ |
Europa Universalis III (forkorta EU3) er eit historisk strategispel utvikla til PC av Paradox Interactive, utgjeve vinteren 2007. Spelet vart annonsert den 14. februar 2006.
Europa Universalis III startar kort etter Konstantinopels fall, i 1453. I den etterfølgjande tida må spelaren leie nasjonen sin til å bli mektig og stor, og det heile vert avslutta etter revolusjonane i Frankrike og Amerika. Totalt kjem spelet med over 250 historiske nasjonar.
Spelet skil seg ikkje mykje frå forgjengaren Europa Universalis II, men for første gong vert det brukt ein tredimensjonal grafikkmotor. Dessutan er det fleire moglegheiter for spel i fredstid, som tidlegare har vore noko avgrensa.
Innhaldsliste |
Innehald [endre]
- Spelarar kan avgjere deira styreform, samfunnstruktur, handelspolitikk, osb.
- Spelarar kan ta opp 'nasjonale idear' for å styre nasjonane i forskjellige retningar.
- Det er mogleg å rekruttere rådgjevarar for styret, i enkelte tilfelle går desse under namn som Isaac Newton, Wolfgang Amadeus Mozart eller René Descartes.
- Eit 3-dimensjonalt topografisk kart inneheld 1,700 provinsar og sjøsoner.
- Spelarar kan velje mellom ein av dei meir enn 250 nasjonane som eksisterte under tidsepoken, mellom andre Skottland, Kazan, Bohemia og Bali.
Utvidingar [endre]
- Napoleon's Ambition var den første utvidinga til hovudspelet. Windowsversjonen av denne er berre tilgjengeleg som kjøpt nedlasting ifrå GamersGate. Denne prøver å forbetre grensesnittet, utvide handelssystemet, utvida moglegheiter og eit lengre tidsperspektiv.[1]
- In Nomine er den andre utvidinga. Tidsråma for spelet vert på nytt utvida, ein har lagt til Byzants, omarbeidd den kunstige intelligensen og gjort opprørsbandar til meir politisk målretta grupper.[2]
| Versjon | Tidlegst mogleg start dato |
Seinast mogleg start dato |
Slutt dato |
|---|---|---|---|
| Europa Universalis III (originalversjon) | 30. mai, 1453 | 14. juli, 1789 | 1. januar, 1793 |
| Napoleon's Ambition (utviding) | 30. mai, 1453 | 2. januar, 1821 | 1. januar, 1822 |
| In Nomine (utviding) | 14. oktober, 1399 | 2. februar, 1821 | 3. februar, 1821 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Europa Universalis III» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2008.
Fotnotar [endre]
- ↑ Napoleon Invades Europa Universalis III IGN.com
- ↑ EU III Expansion 'In Nomine' Revealed Gamershell.com Gamershell.com
Bakgrunnsstoff [endre]
- Europa Universalis III (Heimeside)
- Det offisielle forumet for brukarar
- Europa Universalis III Wiki
- Paradox si offisielle annonsering
- Gamespotartikkel
|
|
|
|---|---|
| Svea Rike serien | Svea Rike III ·Two Thrones |
| Europa Universalis serien | Europa Universalis ·Europa Universalis II ·Europa Universalis III (Napoleon's Ambition ·In Nomine) ·Rome (Vae Victis) |
| Hearts of Iron serien | Hearts of Iron ·Hearts of Iron II (Doomsday ·Armageddon) ·Hearts of Iron III |
| Victoria serien | Victoria (Revolutions) |
| Andre | Crusader Kings (Deus Vult) · Crusader Kings II ·Chariots of War ·Full list |