Diskusjon:Folkegruppe

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her lyt ein nok skyte inn eit definisjonsproblem. På nynorsk og dialektalt kan ordet "folk" ikkje nett tyde "folkegruppe" eller "folkeslag", men ha ei vidare tyding: Menneske generelt, eller berre ei gruppe: "Her var det mange folk", eller tiltaleforma "folkens". Tenk og på ord som "folkeskikk" eller "husens folk". Det hadde difor vore betre om ein skilde ut ordet "folk" som ein meir generell artikkel, heller enn å "okkupere" ordet gjennom omredigering til "folkegruppe". Det blir for snevert, og er i utakt med vanleg "folkeleg" språkbruk, berre til orientering. Eg veit at Per Egil Hegge har lagt fram at "folk" berre skal nyttast om "folkegrupper", men det er nok meir utbreidd på Bokmål, ikkje i vanleg dialektal språkbruk. Eg gjer merksam på dette.

EGM.

Folkegruppe er nok berre ei av mange tydingar av ordet folk, jf ordbøkene. Vi kan løyse dette med å lage ei fleirtydingsside av Folk.--Knut 28. desember 2009 kl. 17:02 (CET)[svar]