Per Egil Hegge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Per Egil Hegge (fødd 6. mars 1940) er ein norsk journalist og pressemann. Han har vore redaktør i Aftenposten og A-magasinet, korrespondent i Washington, DC, (1977–1981 og 1988–1992), i London og i Moskva (1969–1971). Han er kjent for ei fast språkspalte i Aftenposten og som ein profilert kritikar av Språkrådet, der han sjølv har vore medlem. Han er aktiv i riksmålsrørsla og er medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Hegge vart fødd i Trondheim. Foreldra hans var lærarane Ola og Mary Hegge, som fyrst arbeidde i Skatval i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. I 1941 flytta dei til Inderøy, der Per Egil voks opp, å lert sæ å snakk intrønder.

Hegge tok examen artium ved Steinkjer offentlige landsgymnas i 1959. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga russisk og engelsk mellomfag og statsvitskap grunnfag. I tillegg har han teke Forsvaret sitt språkkurs i russisk. Til trass for at han har store kunnskapar i og interesse for det norske språket, har han ikkje studert det på universitetsnivå.

I 1959 tok han til som journalist i Trønder-Avisa. Seinare vart han journalistlærling i NTB. Frå 1962 og i 43 år framover var han tilsett i Aftenposten.

I 1963 gifta han seg med Birgit Wedege frå Danmark og lærte seg etter kvart å tala dansk. Dei har tre born saman.

Tida i Aftenposten[endre | endre wikiteksten]

Han vart tilsett i Aftenposten i 1962, der han arbeidde som journalist, utanrikskorrespondent, kommentator og redaktør. Han skreiv mange reportasjar frå rettsaker og er kjend for den faste språkspalta si i morgonutgåva. Han var òg redaktør for fredagsmagasinet A-magasinet.

Han har vore utanrikskorrespondent for Aftenposten i Moskva, i London og i Washington D.C.. I 1971 vart han utvist frå Sovjetunionen. Den 25. april 2005 vart han pensjonist, men skriv framleis ei fast språkspalte i morgonutgåva.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mellommann i Moskva, Cappelen, 1971
  • Nyheter fra Moskva medforfattarar: Jahn Otto Johansen og Sture Stiernlöf, Cappelen, 1972.
  • USA – høyre om?, Cappelen, 1981
  • Mord: et politisk våpen, Hjemmene forlag, 1983.
  • USAs utenrikspolitikk: makt og moral, Universitetsforlaget, 1984.
  • Øst-Europa under Gorbatsjov: reportasjeserie i tekst og bilder, medforfattar: Terje Stemland, Aftenposten, 1987.
  • Otto Sverdrup: aldri rådløs, medforfattar: Asbjørn F. Aastrøm, Stenersens forlag 1996.
  • Og så må du ikke stille spørsmål, Cappelen, 2000.
  • Fridtjof Nansen: bare én vilje, medforfattar: Turid Løvskar, Stenersens forl., 2002.
  • Tro oss på vårt ord: sant og usant i krig og fred, Schibsted, 2004.
  • Heng ham ikke vent til jeg kommer: en morsom bok om norsk språk og tegnsetting, Kagge forlag, 2004.
  • Det var i 1905, medforfattar: Leif Arne Ulland, Andresen & Butenschøn, 2004.
  • Norge komplett 150: fra betalingsmiddel til kunsthåndverk, medforfattar: Ivar Sundsbø, 2004.
  • Ridende rytter til hest: finurligheter og annen språklig moro i aviser og presse – og litt ellers, 2005
  • Quizleis: 1001 spørsmål og svar om språk, medforfattar: Sylfest Lomheim og Helene Uri, Det norske samlaget, 2005.
  • Harald V: en biografi, Damm forlag, 2006.
  • Toillprat og ainna: Trønderhumor i godt lag, Det norske samlaget, 2007.
  • Nils Aas, medforfattarar: Magne Malmanger; Per Egil Hegge; Cathrine Hovdahl Vik; m.f., Labyrinth Press, 2007.
  • To liv - én gjerning: kongeparet 70 år, medforfattar: Sven Gj. Gjeruldsen, Damm forlag, 2007.
  • God vakt skal være: H.M Kongens Garde i felt og parade, Schibsted, 2008.
  • Kunsten å skrive godt, Kagge forlag, 2009.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]