Diskusjon:Hanukká

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2004.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2004

NPOV og gamle årstal[endre wikiteksten]

Termane «føre Kristus» / «f.Kr.», «etter Kristus» / «e.Kr.» og «Anno Domini» er særleg problematiske i samband med ikkje-kristne religionar. Eg føreslår at vi brukar forkortinga fvt. heller enn f.Kr. i slike samanhengar. Denne forkortinga er særleg vanleg i svensk og dansk samanheng, men blir òg noko bruka på norsk.[1] Det mest NPOV ville vera å bruke denne forkortinga — som kan stå for anten «føre vestleg tidsrekning», «føre vanleg tidsrekning» eller «føre vår tidsrekning» — generelt òg, men dette er kanskje upraktisk...? I alle fall er det nyttig om vi har omdirigeringslenkjer mellom desse formene. -- Olve 6. des 2004 kl. 04:51 (UTC)

Det bør vera opp til kvar enkelt artikkelskrivar, tykkjer eg (med vanleg regel om at artiklar bør vera konsekvente i slike språkval). Problemet mitt med politisk korrekte termar av denne typen er at dei berre pynter litt på utsida, medan opphavet er det same. Byrjinga på "vår tid" er fortsatt om lag då Jesus vart fødd.
Kva med å bruka årstal for den kulturen det gjeld med til dømes pipelinker til det vestlege året eller århundret? (Og lenkje til artikkel om denne tidsrekninga, ein eller fleire stader) Det kan sjå både fint og spennande ut.

-- Ranveig 6. des 2004 kl. 18:49 (UTC)