Diskusjon:Humanitas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kan verkeleg humanitas omsetjast med menneskeleg? Eg vil tru at det norske menneskeleg svarar til adverbet humaniter, mens substantivet humanitas svarar til menneskelegheit, «det menneskelege», jfr. Mørland, Henning (1965). Johanssen, Nygaard, Schreiner: Latinsk - norsk ordbok. J. W. Cappelens forlag.  Kan nokon meir latin-kyndige sjå på dette? --Ekko 6. mai 2009 kl. 22:42 (CEST)[svar]

Sjå til dømes den tyske artikkelen for ein meir overbevisande artikkel som seier nettopp dette,og med kjelde. --Ekko 8. mai 2009 kl. 21:21 (CEST)[svar]

Ei generell tilvising tysk og engelsk wikipedia er ingen kjeldetilvising. Då kan ein like godt skrive «las det i ei bok ein gong». Spesielt når eg har argumentert for at det står feil i denne artikkelen bør forfattaren makte å komma opp med ei kjelde for påstanden sin. Eller er det som vanleg fri dikting frå hans side? --Ekko 10. mai 2009 kl. 11:21 (CEST)[svar]

No har ein jo kome fram til,på eit eller anna vis, at ein kan vise til brukarskrivne wikipediaartiklar på andre språk som kjelder. Er ein imot vedtekne reglar bør ein diskutere dei på nytt, ikkje gå på einskilde artiklar/forfattarar. Anders 10. mai 2009 kl. 12:20 (CEST)[svar]
Men her er jo ikkje vist til nokon artiklar? Argumentet om at her er så mykje slurv så det er ikkje nokon grunn til å gjere noko med noko er eg heller ikkje samd i. Dei fleste artikkelforfattarane går det også å komma i dialog med om ein har spørsmål til artiklane. Og ingen av artiklane om Humanitas på desse språka gjev dekning for det eg sette spørsmålsteikn ved, tvert om når det gjeld artikkelen på tysk. Men artikkelen her er truleg omtrentleg rett i det meste den. Og det er tydelegvis bra nok. --Ekko 10. mai 2009 kl. 15:15 (CEST)[svar]
Det er nok meint å visa til artiklane Menschlichkeit og Humanitas, eg har retta til det. Kva meinast med "Ad Familiares", skal eg ikkje gissa på. Romersk filosofi er ikkje mi kunne, så kva som er rett eller ikkje, legg eg meg ikkje opp i. Det er jo dumt om det visast til brukarskapa artiklar som seier noko anna enn det som står her, men når har eg sagt at slurv ikkje er noko å gjere med??? Anders 10. mai 2009 kl. 15:47 (CEST)[svar]
Kvifor du meiner at forfattaren har nytta den tyske Menschlichkeit og ikkje den tyske Humanitas veit eg ikkje, dei meiner tydelegvis at omgrepa ikkje er synonyme. Og det eg tenkte på var setninga «..., ikkje gå på einskilde artiklar/forfattarar», når denne artikkelen/forfattaren skil seg ut som særskild slurvete og upresis. Når ein etter konkrete spørsmål og påpeiking av kjeldemangel kjem med «engelsk wikipedia» som kjeldetilvising er det totalt vonlaust å tru på nokon forbetring her. Men eg ser at eg truleg la meire i det du skreiv enn det du meiner. --Ekko 10. mai 2009 kl. 20:04 (CEST)[svar]