Diskusjon:Jostein Budal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nokon la inn at han var død i 2013, men utan kjelde. Om ein søkjer i norske aviser via buyandread.com får ein opp ei dødslysing for ein Jostein Budal i fleire lokalaviser. I lysingane står at han var fødd i 1929, at han vart gravlagd på Lesja. Det stemmer med det som stod i artikkelen (ei bok han gav ut sjølv i 2007 står med utgjevingsstad på Lesja), men det er ikkje 100 % sikkert at det er same personen. Det hadde vore bra om nokon hadde ei kjelde på tannlækjaren og språkforskaren Jostein Budal er død. Det er sterkt uheldig om det står feil her. --46.15.253.103 2. desember 2013 kl. 10:37 (CET)[svar]

Eg har no rulla tilbake denne endringa i påvente av eventuell kjeldegrunngjeving. HallvardLid (diskusjon) 2. desember 2013 kl. 18:42 (CET)[svar]
Det finst berre ein Jostein Budal og han er fødd i 1929, og bur på Lesja, går det fram av skattelistene frå 2009. Dermed er ei slik dødslysing nett den kjelda som skal til. Eg fann ikkje lokalaviskjeldene, men dei bør slik eg ser det vere gode nok. Viss 46.15.253.103 har dei lokalaviskjeldene er det med andre ord berre å legge inn att referansen, vel også med nøyaktig fødselsdato. Trondtr (diskusjon) 3. desember 2013 kl. 08:25 (CET).[svar]
Der var kjeldene på plass! Då skule alt vera i orden her. HallvardLid (diskusjon) 3. desember 2013 kl. 11:51 (CET)[svar]