Diskusjon:Kjerring

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Interwikilenkja til en: leier oss til ordet «hag» som tyder 'heks', 'trollkjerring' eller 'gammal kjerring', så vidt eg kan forstå. Etter mi meining vil det vere rettare å lenkje til en:woman, sjølv om ordet kjerring har så mange nyansar at det neppe har parallelle parallellar på andre språk. Sjølv om det aldri har vore så mykje stas i kjerring-namnet, og det i borgarlege kretsar har ein negativ klang, meiner eg det er feil å kople ordet til eit engelsk ord som blant folk flest er eintydig negativt.--Knut 17. oktober 2008 kl. 21:32 (CEST)[svar]

En:woman tyder kvinne på norsk. en:Bitch vert omsett som kjerring på norsk av fjernsynsserie-omsetjarar, eg føreslår at vi lenkjer dit. Anders 17. oktober 2008 kl. 21:39 (CEST)[svar]
Djupt usamd. Eg håper eg aldri kjem til å kalle kjerringa mi for «a bitch». Dersom fjernsynsomsetjarane har brukt ordet kjerrring for bitch, må det vere i den spesielle tydinga av ordet kjerring, ikkje i den allminnelege tydinga av ordet. --Knut 17. oktober 2008 kl. 21:44 (CEST)[svar]
Engelsk har ikkje noko som tilsvarer kjerring, ergo finst ikkje artikkelen på engelsk, ergo inga interwiki-lenke. Men hugs å fjerne ho frå samtlege wikiar, elles kjem ho att. --Bep 17. oktober 2008 kl. 22:02 (CEST)[svar]
Om Bep les artikkelen, kan han lesa at begrepet kjerring av mange vert nytta i negativ omklang, artikkelen baserer seg trass alt på Hag(heks), blant anna. Når det gjeld lenkene vert ikkje dei spreidd uansett, ettersom det er konflikt mellom de og en.--Anders 17. oktober 2008 kl. 22:31 (CEST)[svar]
Jaudå, eg ser poenget. Men det er framleis ikkje same omgrepet. No diskuterer du om me skal endre (eller flytte) artikkelen, og det er ein annan diskusjon. --Bep 17. oktober 2008 kl. 22:41 (CEST)[svar]
Heile artikkelen er dårleg, eit skeivt syn på eit normalt og nøytralt ord mange stader i landet. Avsnittet «Kjerringar i folkediktinga» kan med fordel bli sletta. --KRISTAGAα-ω 17. oktober 2008 kl. 22:42 (CEST)[svar]
Betre no? (det eg tok vekk, kan høve i ein eigen artikkel om trollkjerringar eller hekser) -Knut 17. oktober 2008 kl. 23:06 (CEST)[svar]
Eg tek på meg skulda for at avsnittet som blei sletta var rotete (eg bør ikkje lagra utan å ha tenkt heilt ferdig), men synest likevel ei fullstendig drøfting av omgrepet kjerring bør omfatta element frå dikting og folketru. La inn att interwiki til «Hag» fordi det i stor grad er det same omgrepet, om ein av kallane her (hehe) meiner det ikkje passar, får dei ta det ut. --Ranveig 18. oktober 2008 kl. 10:09 (CEST)[svar]
Eg skal ikkje diskutere engelsk språk med Ranveig, men dersom Hag er eit nedsetjande ord blant jamne engelskmenn, bør den interwikilenkja vekk. Setningane om heksar og trollkjerringar kan ein like gjerne ta inn i artikkelen om kvinna. Både «jente» og «kvinnfolk» kan bli bruka som skjellsord i nokre samanhenger, så eg synest den negative bruken av ordet kjerring har fått alt for stor plass. For meg er kjerring eit folkeleg ord for kjerringar av folket, og dei har eg ikkje anne enn gode røynsler med. At det finst dumme menn med troll til kjerringar kan vere, men ikkje i omgangskretsen min : ) - Knut 18. oktober 2008 kl. 10:52 (CEST)[svar]
Snakker du om den gamle eller den nye utgåva av artikkelen no? Eg synest han har fått ei god blanding av godt og dårleg, med døme som gardkjerring, som slett ikkje er ei dårleg nemning. Dyrkinga av kjerring-skikkelsen i nyheidenskapen veg vel også opp mot den vonde trollkjerringa.
Elles definerer en: «Hag» slik: «A hag (or crone) is a wizened old woman, or a kind of fairy or goddess having the appearance of such a woman». I mange tilfelle, men ikkje alle, kan dei to orda omsetjast med kvarandre. --Ranveig 18. oktober 2008 kl. 11:07 (CEST)[svar]
Eg snakkar om den eg siste... Det var forresten mi skuld at den gamle utgåva var rotete, sidan eg flytta på mykje av det Ranveig hadde skrive. Men artikkelen har enno eit avsnitt om at ordet kjerring i nokre målføre er eit skjellsord. Det meiner eg er feil, slik er forstår ordet målføre. Derimot er det nok rett at somme brukar kjerringnamnet som eit skjellsord, synonymt med ordet hurpe, men dei som snakkar slik, høyrer til ein annan kultur enn kjerringar flest. --Knut 18. oktober 2008 kl. 11:30 (CEST)[svar]
«Målføre» er eit anna ord for dialekt. Eg vil hevda at «kjerring» i dialekten til mange oslobuar er eit overveldande negativt ord. Men «samanhengar» er kanskje eit betre ord å bruka her likevel. I alle høve skal vel ikkje denne wikipediaartikkelen berre vera for kjerringar, men også kunne forklara folk frå alle lag og område kva misforståingar som kan oppstå om ein bruker ordet «kjerring». --Ranveig 18. oktober 2008 kl. 11:45 (CEST)[svar]
I Oslo kan du ikkje kalle ei dame for ei kjerring, men det trur eg er fordi ordet kjerring plasserer byfolket lenger ned på rangstigen deira. Mange oslofolk brukar også ordet bonde som skjellsord; i den kulturen vil folk oppleve det som nedsetjande å bli kalt for ein bonde. For ikkje å snakke om kva folk i den same kulturen meiner om nynorsk. Ranveig har eit poeng i det siste ho skriv, men intensjonen min med artikkelen var det motsette: å få fram at kvinnfolk ikkje bør bli støtt av å bli omtalt som ei kjerring. Når artikkelen er balansert, skal eg vere nøgd. --Knut 18. oktober 2008 kl. 12:02 (CEST)[svar]
Klart at kjerring blir nytta nedsetjande i delar av Oslo, men her er det vel like mykje snakk om sosiolekt som om dialekt? At ordet har meir negative konnotasjonar på Oslo vest enn aust? Og når ein t.d. på ein Vålerenga-kamp skrik at «Ikke spell som ei kjerring 'a!» er det vell heller som ei nedrakking av alt feminint, heller enn det spesielle ordet. Sjå elles den gode artikkelen Kvinnelige fotballspillere har ikke baller] av Gerd von der Lippe. --Ekko 18. oktober 2008 kl. 12:25 (CEST)[svar]
Bra no, spør Ranveig - eg endra litt. Eg har eit par kommentarar til: Nåt t.d. sladrekjerring er negativt, er det fordi sladring er negativt; gardkjerring er positivt for ei som ønskjer seg ein gard (eller ein bonde?). Men i eit samfunn der det ikkje gjev status å vere kvinne, å vere gammal eller å vere av «dei breie lag av folket», vert det ikkje mykje stas med det kjerring-namnet.--Knut 18. oktober 2008 kl. 18:49 (CEST)[svar]
Det er vel ei blanding av mange ulike grunnar som gjer ord nedsetjande, tenker eg, her både ei nedvurdering av kvinner og av «den gemene hob». Kjerringer kan ikkje føra høg konversasjon om interessante ting som politikk og økonomi, dermed er alt dei snakker om sladder. Eventuelt maser eller skravler dei. Feministane hadde fest med dette (sladremann? snakkekjerring?) for nokre tiår sidan, og ikkje heilt utan grunn.
I høvet «gardkjerring» tyder eit googlesøk på at ordet er blitt godt verna av dei det gjeld. Det er mange som bruker som er stolte av tittelen, bruker han sjølv og oppfordrer andre til å gjera det. --Ranveig 19. oktober 2008 kl. 12:26 (CEST)[svar]
På Nordmøre vert kjerringa åt presten kalla «prestkjerringa», eller «kjerrinna ått præsta», utan at det er ikkje noko negativt i det. --Sigmundg (diskusjon) 2. september 2012 kl. 15:44 (CEST)[svar]

Råk i teksten.[endre wikiteksten]

Sitatet lagar ei stor råk i teksten. Truleg er det mange som ikkje får med seg at artikkelen held fram lenger nede. --Sigmundg (diskusjon) 2. september 2012 kl. 15:38 (CEST)[svar]

Tok bort flyt=nei i sitatmalen. --Frokor (diskusjon) 2. september 2012 kl. 15:47 (CEST)[svar]
Jau, no fungerer det. Nokre meteorologar kann meir enn å mella styggver.... --Sigmundg (diskusjon) 2. september 2012 kl. 15:51 (CEST)[svar]