Dame
|
Damer er kvinnfolk som litet eller ingenting gjera Vinje, Skrifter i samling II s. 200
|
Dame (frå seint norrønt damma gjennom fransk frå latin domina 'herskarinne') er ein tidlegare adelstittel som i moderne norsk viser til ei vaksen kvinne.
Ordet dame var gjennom lange tider ein tittel for for gifte adelege kvinner. I nyare tradisjon har ordet dame vore bruka om vaksne kvinner av høgre samfunnslag eller som viser teikn på ei standsmessig daning. I vår tid kan ordet bli brukt om alle vaksne kvinner, utan streng sosial gradering, men likevel slik at det i mange samanhanger vert assosiert med kvinner av høg sosial rang.
Annan bruk av ordet [endre]
Ordet dame vert òg bruka om eit biletkort i kortstokken med talverdien tolv, mellom konge og knekt.
I Storbritannia er Dame den kvinnelege varianten av ærestittelen Sir.
Kjelder: [endre]
- Norsk ordbok, Det Norske Samlaget 1966
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
|
|
||
|---|---|---|
| Keisar og keisarinne · konge og dronning · kurfyrste og kurfyrstinne · storhertug og storhertuginne · erkehertug og erkehertuginne · hertug og hertuginne · storfyrste og storfyrstinne · markgreve og markgrevinne · marki og markise · fyrste og fyrstinne · greve og grevinne · vicomte og vicomtesse · baron og baronesse · friherre og friherrinne · riddar og dame · herre og frue | ||