Diskusjon:Konfrontasjonen ved den norsk-russiske grensa i 1968

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tittelen «Sovjetisk demonstrasjon av militær styrke mot Noreg i 1968» er problematisk. Eg synest han har ein tendens til å stri mot objektiviteten me skal ha i artiklar. Han byggjer også på seinare kunnskap som eg ikkje trur dei norske involverte frå 1968 ville kjend igjen, sidan det går fram i kjeldene at ein frå norsk hald ikkje visste nøyaktig kva som var i ferd med å skje. Ein annan tittel kunne til dømes vore «Militær opptrapping ved den norsk-russiske grensa i 1968». --Ranveig (diskusjon) 26. oktober 2017 kl. 15:04 (CEST)[svar]

Det var inga opptrapping, berre ei oppvising av militære styrkar som allereie var på plass i området. Kanskje "Sovjetisk militær oppvising ved den norsk-russiske grensa i 1968" Dette usignerte innlegget vart skrive av HHKhhk (diskusjon · bidrag)
Kanskje mønstring hadde vore litt betre enn oppvising, men elles mykje betre. --Ranveig (diskusjon) 26. oktober 2017 kl. 17:58 (CEST)[svar]

Mønstring er noko ein (generalen) gjer med eigne styrkar for å sjå at dei er tilstades og gjer det dei skal, så dette ordet passar dårleg. Mitt forslag no er berre å endra "mot Noreg" til "ved den norsk-russiske grensa" - "Sovjetisk demonstrasjon av militær styrke ved den norsk-russiske grensa i 1968", men det kan hende vi kjem fram til noko bedre om vi held fram denne dialogen.

Ja, det trur eg er mykje betre. --Ranveig (diskusjon) 27. oktober 2017 kl. 10:46 (CEST)[svar]
Artikkel om Militær styrkedemonstrasjon, har bidragsyteren starta. Der defineres det som "Ein militær styrkedemonstrasjon er ein militær operasjon med føremål å åtvare ein potensiell fiende (som eit varselskot) eller å vise kapabilitet på slagfeltet dersom provokasjonar skjer. Styrkedemonstrasjonen vert som regel utført gjennom eit tilsynelatande angrep mot eit fientleg område som ikkje er viktig. Føremålet kan òg vere villeiing av fienden, men demonstrasjonen skal ikkje søkje kontakt med fienden eller utløysa stridshandlingar.(Ref: Faoil, Foil, Saber, and Épée Fencing: Skills, Safety, Operations, and Responsibilities. Penn State Press. 1994. s. 51. )". Jeg har utheva stikkord som diskutabelt ikke faller inn under nevnte defininsjon. Sju hav (diskusjon) 15. juni 2018 kl. 07:26 (CEST)[svar]

Ny tittel,

Dei to partane konfronterte kvarandre, over fleire dagar.
Kanskje ikkje heilt ulikt
Konfrontasjonen ved Ugra 1480,
mongolriket fekk seg ein smekk, ikkje så langt frå "MOCKBA". Helsing Sju hav (diskusjon) 21. oktober 2019 kl. 15:37 (CEST)/ Sju hav (diskusjon) 21. oktober 2019 kl. 15:40 (CEST)[svar]

Alternativ tittel: "Sovjetisk Russisk skinn-åtak mot grensepostar i Finnmark i 1968"[endre wikiteksten]

(Bindestrekene kan droppes.)
Det var et skinn-angrep, siden det ikke var en varsla øvelse, og kanonene på stridsvogner pekte mot norsk grensestasjon, og kanonene ble avfyrt (mens de "fortsatt pekte mot").
Andre forslag til navn? Sju hav (diskusjon) 13. juni 2018 kl. 19:35 (CEST)[svar]
Det var Sovjetunionen den gongen, og det var ikkje skinn-åtak, men ein klår demonstrasjon. Einingane som viste seg ved grensa, gjorde sitt beste for å syne seg fram. Eg trur det er best vi lar tittelen stå som han er. mvh Brukar:HHKhhk

Tittelen er neppe god nok, og den bør forbedres.
"Demonstrasjon av makt", er et ullent begrep.
Situasjonen var en Styrkeoppbygging som dei færreste norske soldatene blei varsla om.
Et skinn-angrep "som lyn fra klar himmel", er en demonstrasjon av makt, som er kraftigere enn bare en styrkeoppbygging som kommer og går.
At du ikke ønsker navneending inntil videre, er notert.
Hva er din begrunnelse for at skinn-angrepet, ikke var et skinn-angrep.
(Norske soldater så avfyring mot egne posisjoner, og ventet på at "kanon-granatene" skulle "dette ned" (eller lande) og drepe og kveste.
Kanonene fyrte ikke av "live ammunisjon". Et angrep uten "ekte granater", er "bare" et skinn-angrep. Mvh Sju hav (diskusjon) 14. juni 2018 kl. 12:57 (CEST)[svar]

Nei, det er nok ikkje slik. Føremålet med eit skinnangrep er å få fienden til å konsentrere forsvaret sitt til den staden som angrepet er retta mot. Til vanleg er eit skinnangrep oppfølgd av eit verkeleg angrep mot ein annan stad i fienden si forsvarslinje som skal ha vorte svekka som fylgje av skinnangrepet. Eit skinnangrep krev direkte kontakt med fienden og utløysing av små stridshandlingar før tilbaketrekking av heile styrken.

Desse elementa var ikkje til stades under denne demonstrasjonen:

  • 1. kontakt
  • 2. oppfølgjande angrep

mvh Brukar:HHKhhk

Alternativ tittel: "Den militære krisa ved den norsk-russiske grensa i 1968"[endre wikiteksten]

Det var en krise, derfor


"Den uvarsla sovjetiske militærøvelsen ved norskegrensa i 1968", er en mulighet (som jeg ikke foretrekker). Sju hav (diskusjon) 15. juni 2018 kl. 00:50 (CEST)[svar]

Tønne Huitfeldt (1925–2007) og Arild Hjerde har samanfatta hendinga i ein studie (IFS) og kallar den "Den sovjetiske styrkedemonstrasjonen" Militær styrkedemonstrasjon er eit internasjonalt definert begrep, på engelsk "Show of Force" - som det finns mange døme på. Wikipedia bør ikkje anstrenge seg mykje for å finne på nye nemningar på allereie namngitte og omtala hendingar, så eg tenkjer vi skal behalda tittelen som han er no. mvh Brukar:HHKhhk