Diskusjon:Koreakrigen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"SN" eller "FN"[endre wikiteksten]

Eg har aldri sett at Dei sameinte nasjonane har vorte skrive SN. I Gaia sine skulebøker står det nevnt som FN i nynorskutgåva av bøkene. Dette er interresant. Ynskjer å diskutere dette litt. Eg er ikkje sikker på kva eg vil bruke. BCD 19. april 2011 kl. 21:11 (CEST)[svar]

Det vert merkeleg om det ikkje skulle vera samsvar mellom fullform og kortform. Njardarlogar 19. april 2011 kl. 21:50 (CEST)[svar]
Jf språkrådet - både SN og FN er korrekt. Vi bør bruke same forma som elevar finn i skulebøkene sine. Nokon som har oppdaterte skulebøker å sjekke i? --Knut 19. april 2011 kl. 22:48 (CEST)[svar]
I mine grunnskulebøker (frå nittitalet) hugsar eg å ha sett SN. Så eg synest ikkje det er merkeleg. Det er klårt at FN er den mest brukte forma i norske media, men eg synest me bør halda på SN-forma så lenge det framleis vert brukt. HallvardLid 19. april 2011 kl. 23:15 (CEST)[svar]
Artikkelforfattarane vel sjølve kva for former dei vil nytta. Njardarlogar 19. april 2011 kl. 23:26 (CEST)[svar]

Eg la inn infoboks i artikkelen, og noko har gått galt, utan at eg forstår KVA det skulle vere.

med dette meiner eg at eg vil ha HJELP! BCD 20. april 2011 kl. 13:02 (CEST)[svar]
Etter mi erfaring er det ofte noko veldig lite som skal til når ein infoboks ikkje blir synleg i artikkelen. Du hadde berre gløymt å leggja inn ein slutt på infoboksen, med desse teikna: }}

Viss slutten ikkje ligg der han skal no, får du berre endra det sjølv vidare - lukke til! HallvardLid 20. april 2011 kl. 16:09 (CEST)[svar]