Dei sameinte nasjonane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Generalforsamlinga til SN
Hovudkvarteret i New York

Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmål De forente nasjoner)) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida. Nesten alle sjølvstendige statar er medlem (2011: 193 land). I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.

SN-flagget

Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar frå alle medlemslanda sit. Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).

SN fekk Nobels fredspris for 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.

Namnet United Nations er likevel eldre. Det blei først foreslått av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene.