Diskusjon:Kylie Minogue

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tykkjer denne artkkelen vert verre og verre, med eit språk som ligg langt frå nynorsk. Eg foreslår at han vert innstramma og verna.--Andreasv 21. mai 2011 kl. 16:38 (CEST)[svar]

Heilt einig, det kjem stadig til nytt frå folk som heilt tydeleg ikkje kan nynorsk. Truleg bruker dei berre maskinomsetjar. Om nokon føler seg kalla, vil artikkelen absolutt ikkje ta skade av ei grundig omvøling. --Ranveig 13. september 2011 kl. 18:46 (CEST)[svar]
Har attenderulla til den lange versjonen og gått igjennom heile artikkelen. Han kan sikkert ha gått av ein språkvaskrunde til, men å strippe han ned til nesten ingenting blir for drøyt no. Trur ikkje det er naudsynt med ytterlegare vern, for han er no oppdatert heilt fram til våre dagar. Det blir ikkje verre å vedlikehalde seinare tillegg til artikkelen enn det blir for alle dei andre artiklane me har. --Frokor 5. november 2011 kl. 05:27 (CET)[svar]
Har lagt ein kommentar på diskusjonsida til brukaren som oppfordrar til å ikkje legge til meir maskinomsett tekst. --Frokor 5. november 2011 kl. 05:36 (CET)[svar]