Diskusjon:Nasjonsbygging

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonsbygging er noko anna enn nasjonal einsretting, og eg oppfattar artikkelen som kritisk, ikkje objektiv. Nasjonsbygginga har ikkje slege feil. Ein annan ting er at ho har gått av moten, i staden er det fokus på individet og privatisering. - Knut 18:41, 19 juli 2007 (CEST)

Samd. Det er også heilt feil å avgrense nasjonsbygging til noko berre styresmaktar driv med. Historia er full av nasonalistiske rørsler som måtte bygge ideen om at nasjonen finst i åresvis før han blei ein realitet. I tillegg er dette etter mi meining eit døme på ein artikkel som ikkje kan stå utan støtte i autorative kjelder, eller blir dette berre anonym synsing. --Ekko 20:11, 19 juli 2007 (CEST)
Me har ein artikkel om emnet på bokmål wikipedia. De kan jo sjå på den dersom de ønskjar å endre artikkelen her på nynorsk wikipedia. --Oddeivind 22. desember 2008 kl. 11:29 (CET)[svar]
Etter mi meining like dårleg som vår. Dei er begge tufta på ein snever tyding av ordet nasjon. T.d. fell det nasjonale strevet til palestinarane utanfor. --Ekko 22. desember 2008 kl. 11:39 (CET)[svar]
Eg har skrive artikkelen heilt om, og voner han er meir objektiv no. Han har i det minste fleire kjelder. --Ranveig 8. august 2010 kl. 22:53 (CEST)[svar]
Som så mange gonger før har du gjort bra arbeid, etter mitt syn. --Knut 9. august 2010 kl. 09:04 (CEST)[svar]