Nasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Fridommen leier folket». Måleri av Eugène Delacroix til minne om julirevolusjonen 1830.

Nasjon (frå latin natio, som tyder «fødsel», «avstamming», «folk», frå nasci, som tyder «fødast») har sidan den franske revolusjonen si tid blitt brukt om ei gruppe menneske som kjenner seg i slekt ved visse felles politiske og kulturelle trekk, og somme tider ved ei førestilling om eit felles genetisk og historisk opphav. Vanlegvis er nasjonar knytte til eit avgrensa territorium og dannar her eigne nasjonalstatar eller dei har eit ønskje om å danna ein eigen stat. Nasjonane utviklar også ein eigen nasjonalkultur, der særtrekk i høve til andre blir framheva, og eigne nasjonale symbol og ritual, som nasjonalflagg, nasjonalsongar, nasjonaldagar osv. Det er vanleg å skilja mellom 1) eit politisk nasjonsomgrep, som går attende til den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet[1] og 2) eit etnisk nasjonsomgrep, som utvikla seg i opposisjon til Napoleon sitt herredømme tidleg på 1800-talet, særleg i Tyskland.[2] Somme tider blir nasjon nytta meir eller mindre identisk med omgrepet etnisk gruppe, utan at gruppa treng ha ambisjonar om å skipa ein eigen stat. Ein kan også snakka om ei fjerde tyding av nasjon, der nemninga rett og slett står for ein moderne stat eller eit land. Døme på denne bruken finst i namnet på verdsorganisasjonen Dei sameinte nasjonane (SN).

I tillegg til desse moderne tydingane av nasjon har ordet også ein lang førmoderne tradisjon. I antikken vart t.d. både jødane, grekarane og romarane rekna som eigne nasjonar eller folk. I mellomalderen voks det fram kongedøme med forholdsvis faste grenser, t.d. Frankrike, England og Noreg. Men desse samfunna skilde seg mykje ut frå dei moderne nasjonane.

Det politiske nasjonsomgrepet[endre | endre wikiteksten]

Ballhuseiden i nasjonal-forsamlinga den 20. juni 1789. Måleri av Jacques-Louis David.

Det politiske nasjonsomgrepet som vart utvikla under den franske revolusjonen var retta mot eineveldet og standssamfunnet. Dei første stega vart tekne etter at kongen kalla inn generalstendene til møte i Versailles 5. mai 1789. Revolusjonære medlemmer av tredjestanden pressa gjennom at stenderforsamlinga skulle omdannast til nasjonalforsamling med sikte på å vedta ei ny grunnlov. Dei geistlege og adelen kunne slutta seg til den franske nasjonen ved å gi opp privilegia sine og støtta den nye konstitusjonen. Ein ny, nasjonal fellesskap vart skapt under slagordet fridom, likskap, brorskap. Franskmennene skulle ikkje lenger vera kongen sine lydige undersåttar eller standsmedlemmer med ulike rettar, men statsborgarar med like rettar og plikter.

Fedrelandet (la Patrie) og patriotisme vart sentrale omgrep i fransk nasjonalkjensle. Den nasjonale fellesskapen vart mellom anna markert gjennom eit nasjonalflagg, Trikoloren, nasjonalsongen Marseillaisen og nasjonaldagen 14. juli til minne om stormen på Bastillen.

Dei revolusjonære ideala bygde på ideane frå opplysningstida og vart oppfatta som internasjonale. Fransk språk og kultur var viktig, men ei førestilling om felles opphav var ikkje avgjerande for å kunna bli fransk statsborgar. Det avgjerande var kjærleiken til fedrelandet og oppslutninga om konstitusjonen.

Den franske grunnlova gav heilt fram til nyare tid automatisk borgarrett til alle som var fødde på fransk jord (jus soli). På 1990-talet vart likevel denne retten fjerna for born av innvandrarar frå Nord-Afrika.[3]

Den franske oppfatninga av den nasjonale fellesskapen bygde særleg på ideane til opplysningsfilosofen Jean-Jacques Rousseau. I skriftene sine om samfunnskontrakten og allmenviljen sikta han mot ein djupare fellesskap enn det andre som hadde skrive om desse emna hadde gjort. Rousseau vart dermed den første som la fram ein systematisk teori for ein medviten og gjennomtenkt nasjonalisme. [4]

Det etniske nasjonsomgrepet[endre | endre wikiteksten]

Johann Gottfried von Herder utvikla ideen om folkeånd.

I Tyskland utvikla ideane om nasjonen seg i ei anna lei enn i Frankrike. Tyskarane budde ved starten av 1800-talet i ei rekkje større og mindre statar, dei største var keisarriket Austerrike og kongedømmet Preussen. Austerrike var ein multinasjonal stat der dei styrande kunne spela på etniske motsetningar. Dei tyske statane var styrte av eineveldige fyrstar og prega av eit mektig godseigararistokrati og delvis ufrie bønder. Då franske, revolusjonære styrkar rykte inn i tida etter 1792, vart dei i starten mottekne som frigjerarar. I Napoleonstida 1799-1815 utvikla motstanden mot det franske herredømmet seg, ofte som ein reaksjon på upopulære skattar og soldatane sine herjingar.[5]

Tysk filosofi og den nasjonalromantiske rørsla spelte ei viktig rolle. Særleg fekk tankane til filosofen Herder mykje å seia. Han gjekk ut frå at kvart folk hadde ei spesiell folkeånd eller -sjel (Volksgeist), som kom til uttrykk i språket og kulturen.[6] Nemningar som folkedikting, folketone og folkevise går tilbake til desse ideane. Interessa for tysk historie, språk og bondekultur auka sterkt. Mellom anna skapte brørne Grimm si vidgjetne samling av tyske folkeeventyr. Filosofen Fichte tok ideen om folkeånd eit steg vidare då han hevda at den tyske nasjonen var av eit edlare slag enn andre nasjonar.[7]

I den tyske oppfatninga av nasjonen kom førestillinga om eit felles genetisk og historisk opphav til å spela ei nøkkelrolle. Den nasjonale identiteten vart sett på som noko kvart individ var fødd med, og dermed som noko statisk. Dette stod i motsetning til den franske oppfatninga, der den nasjonale identiteten i større grad var eit resultat av medvitne val.

Dei nasjonale rørslene og kampen for fridom og demokrati gjekk likevel lenge hand i hand også i Tyskland. Fyrstane som kom til makta etter Napoleon sitt endelege nederlag i 1815, såg på dei nasjonale rørslene som eit trugsmål og prøvde å undertrykkja dei. Mange stader vart det derfor danna hemmelege klubbar. Denne situasjonen held seg fram til februarrevolusjonen i 1848.

Det var likevel den autoritære staten Preussen som gjekk i spissen for «tysk samling», under leiing av den konservative Bismarck, «jernkanslaren». Etter tre krigar mot nabolanda Danmark, Austerrike og Frankrike vart Det tyske riket skipa i 1871. At dette skjedde i sjølvaste Versailles, var ein umåteleg provokasjon mot nabolandet Frankrike. Samlinga av Tyskland har blitt kalla ei samling ovanfrå. Den nye nasjonalstaten strekte seg frå Frankrike i vest, gjennom dagens Polen og til dagens Kaliningrad i aust. Bismarck valde av realpolitiske grunnar å halda utanfor den katolske, tyske befolkninga i Austerrike. Det var elles mange tysktalande grupper i ulike land i Aust-Europa. Innanfor Det tyske riket var det ein katolsk, tysk minoritet i sør og ein stor polsk minoritet i aust. Desse vart no sette under sterkt press.

Det tyske nasjonsomgrepet, som vart lovfesta i Bürgerliches Gesetzbuch frå 1913, legg vekt på fødsel og avstamming (jus sanguinis). Denne definisjonen gjeld framleis i Forbundsrepublikken og har ført til at dei såkalla avstammingstyskarane («Volksdeutche») frå Austeuropa og Russland utan vidare har rett til statsborgarskap, sjølv om dei ikkje snakkar eit ord tysk. Derimot har det vore mest uråd for innvandrarar av fjerde generasjon frå Tyrkia å bli tyske statsborgarar, sjølv om dei har levd i Tyskland heile sitt liv og snakkar flytande tysk. Den sosialdemokratisk-grøne regjeringa lova likevel i 1998 å endra på dette ved å opna for dobbel statsborgarskap.[8]

Nokre hovudtrekk i utviklinga av nasjonalstatar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste moderne nasjonalstatar har blitt skipa etter politisk eller etnisk modell, eller blandingar av desse. Då dei 13 engelske koloniane i Nord-Amerika reiv seg laus frå Storbritannia i 1776 og skipa Dei Amerikanske Sambandsstatane (USA), var idegrunnlaget det same som i den franske revolusjonen. Det hindra ikkje at slaveriet heldt fram til 1860-åra, og dei indianske urfolka vart fordrivne med brutale metodar. Amerikansk nasjonsbygging har likevel blitt sett på som av fransk type. Den nasjonale fellesskapen i USA byggjer i dag på ein sterk patriotisme, felles politiske rettar og plikter og visse nasjonale symbol og ritual. Samtidig er folket delt i ei rekkje nasjonale eller etniske grupper med ulikt opphav, kulturbakgrunn og språk.

Under Napoleonskrigane reiv mange land i Latin-Amerika seg laus frå kolonimaktene Spania og Portugal. Opprøra var dei fleste stader leia av kreolar, dvs. innfødde etterkomarar av kolonistane, og var inspirerte av fridomsideala frå den franske revolusjonen. Men snart overtok autoritære regime i desse landa, og slaveriet heldt fram til langt ut på 1800-talet.

I Europa var samlinga av Italia (1861) og samlinga av Tyskland (1871) epokegjerande hendingar.

Mot slutten av 1800-talet utvikla dei fremste industrilanda i Europa ein sterkt sjåvinistisk og aggressiv politikk, samtidig som rivaliseringa om marknader og koloniar auka på. Eigen nasjon vart glorifisert, medan det vart teikna slemme karikaturar av rivalane. Denne sjåvinistiske nasjonalismen var med og la grunnlaget for første verdskrigen.

Etter første verdskrigen vart det danna ei rekkje nasjonalstatar i Aust-Europa, som eit resultat av freden i Versailles. Den amerikanske presidenten Woodrow Wilson var ein varm talsmann for nasjonalitetsprinsippet, men det vart ikkje gjennomført fullt ut. Også folka i Midt-Austen som hadde vore under tyrkisk styre, var lova sjølvstende, men i staden vart dei inndelte i mandatområde under britisk eller fransk styre.

Den sjåvinistiske retorikken frå før første verdskrigen vart i mellomkrigstida ført vidare av mellom anna nasjonalsosialistane, som kombinerte nasjonalisme med ein ekstremt aggressiv imperialisme, rasisme og rasehygiene.

Etter andre verdskrigen kom ei frigjeringsbølgje i dei europeiske koloniimperia. Somme stader utvikla det seg blodige krigar, som i Vietnam og Algerie. I perioden 1945 til rundt 1990 vart det danna ei rekkje nasjonalstatar i dei tidlegare koloniane, og apartheid-styret mellom anna i Sør-Afrika vart avvikla til fordel for ein stat der borgarane har like rettar.

I 1948 oppretta SN staten Israel, som skulle tena som ein heim for forfølgde jødar frå ulike land. Staten vart oppretta i Palestina, som hadde vore eit britisk mandatområde. Israel bygde på sionismen, ein nasjonal ideologi som er i slekt med den etniske eller tyske oppfatninga av nasjonen. Opprettinga førte til ein vanskeleg konflikt med palestinarane, ein konflikt som enno ikkje er løyst.

I 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og resultatet var ei rekkje nye nasjonalstatar også her. På 1990-talet gjekk også Tsjekkoslovakia og Jugoslavia over i historia, og det vart blodige oppgjer mellom tidlegare venefolk på Balkan. Tyskland opplevde derimot ei ny samling, då Vest- og Aust-Tyskland gjekk saman til ein ny tysk stat.

Den norske nasjonsbygginga[endre | endre wikiteksten]

Henrik Wergeland kjempa for fridom og religiøs toleranse i den unge, norske nasjonen.(Daguerreotypi).

Under heile dansketida heldt nordmennene fast på eit medvit om at dei var eit eige folk og rike. Samtidig såg dei på seg sjølve som lydige undersåttar av kongen i København og hadde knapt planar om å bryta ut av unionen med Danmark. Dei norske studentane i København skipa i 1772 Det norske selskab, der ein sterk norsk patriotisme kom til uttrykk. Men dette innebar heller ikkje eit alvorleg ønskje om brot. Ein slik tanke kan likevel ikkje ha vore heilt fjern, det syner Johan Nordahl Bruns drikkevise "Norges Skaal", med følgjande vidgjetne linjer: «dog vaagne vi vel op en Gang/ og bryde Lenker, Baand og Tvang».

Då Noreg 14. januar 1814 vart gitt til Sverige og tronfølgjaren Karl Johan etter avtale med dei sigrande maktene i Napoleonskrigane, vakna norske embetsmenn og borgarar til handling. Det resulterte i nasjonalforsamlinga på Eidvoll og grunnlovsvedtaket 17. mai, ei lov Karl Johan seinare på året godtok med små endringar. Eidsvoll-mennene var inspirerte av ideane frå den franske revolusjonen, særleg då dei gjekk inn for ein forholdvis vid røysterett og ein omfattande trykkje- og ytringsfridom. Derimot gjekk dei inn for ei sterk kongemakt og at den evangelisk-lutherske læra skulle vera statsreligion. Jødar og jesuittar skulle ikkje ha tilgjenge til riket, og munkeordenar var forbodne. Dette kan sjåast som konservative straumdrag.

Henrik Wergeland førte den franske nasjons-tradisjonen vidare. Han dreiv opplysningsarbeid for bønder og arbeidarar, kjempa for religiøs toleranse og engasjerte seg særleg mot den såkalla jødeparagrafen i Grunnlova.

På 1840-talet kom det nasjonale gjennombrotet, som innebar at tysk filosofi og ideane frå nasjonalromantikken fekk sterk innverknad også i Noreg. Norske folkeeventyr, segner, folkeviser og folketonar vart samla inn. Kunstnarane skildra norsk landskap og folkeliv, historikarane skreiv om den norrøne stordomstida, forfattarane skreiv historisk-nasjonale drama og Bjørnstjerne Bjørnson skapte sine bondeforteljingar. Det danske skriftspråket vart eit heitt diskusjonstema, og Ivar Aasen gjorde sitt banebrytande arbeid med norske dialektar og nynorsk skriftspråk. Det nasjonale gjennombrotet vart heilt grunnleggjande for norsk nasjonal identitet og nasjonalkjensle.

Den meir etniske nasjonsoppfatninga som prega det nasjonale gjennombrotet hadde sine skuggesider. Samane hadde tidlegare vore utsett for hardhendt misjon frå statskyrkja. No skulle dei fornorskast med tvungen norskopplæring i internatskular, der det var forbod mot samisk språk, joik og andre samiske tradisjonar. Denne politikken heldt fram like til 1960-talet.

På 1930-talet gjorde norsk sjåvinisme seg utslag i såkalla ishavsimperialisme, og mellom anna vart det gjennomført ein mislukka okkupasjon av Aust-Grønnland.

Den tyske okkupasjonen verka sterkt inn på nasjonalkjensla, og den fekk delvis eit nytt innhald med nye skiljelinjer. Motstanden mot dansk kulturpåverknad kom i bakgrunnen, og etter okkupasjonen fekk sosialdemokratiet si glanstid.

Nasjonane og globaliseringa[endre | endre wikiteksten]

Mange nasjonalstatar opplever i dag at nasjonale tradisjonar er under press frå globaliseringa. Nokre ser for seg at nasjonalstaten er i ferd med å gå under. Andre snakkar om ein ny fase i nasjonsbygginga. Utfordringane for nasjonalstatane kjem frå fleire hald:

  • Særleg i den vestlege verda påverkar amerikansk språk og kultur dei nasjonale språka og kulturane. Frankrike er eit land som har vedteke strenge lover og gjennomført andre tiltak for å verna om fransk språk og kultur.
  • Ein fri arbeidsmarknad, t.d. innanfor det Europeiske Økonomiske Samarbeidsområdet, fører til at talet på gjestearbeidarar aukar i mange land.
  • Eit anna trekk ved globaliseringa er folkevandringa frå sør mot nord, som har skapt nye etniske minoritetar i dei rike landa.

Tradisjonell nasjonalkultur kontra eit fleirkulturelt samfunn er eit heitt diskusjonstema i mange land. Nokre ser på eit fleirkulturelt samfunn som eit ideal og ønskjer å støtta minoritetane slik at dei kan ta vare på sine kulturelle særtrekk. Andre meiner ein må stilla krav til minoritetane om å læra seg nasjonalspråket og tilpassa seg den nasjonale fellesskapen slik at ein unngår gettoar og uheldig oppsplitting av nasjonen. Mellom desse to ytterposisjonane, multikulturalisme og monokulturalisme, tar nokre til orde for eit mellomstandpunkt. Det går ut på ein aktiv integreringspolitikk, samtidig som minoritetane får rom til å ta vare på sine kulturelle særdrag.

Debatten om nasjon og nasjonalisme[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skilja ut nokre hovudposisjonar i debatten om kva ein nasjon er:

  • Etter eit tradisjonelt, nasjonalistisk syn har nasjonen ei historie langt tilbake i det førmoderne samfunnet. Historieskrivinga i mange land vart tilpassa dette synspunktet, men i dag har dei fleste forskarar gått bort frå dette.
  • Eit «modernistisk» syn går ut på at nasjonar er forholdvis nye historiske fenomen. Dei første vart til i tida rundt den franske revolusjonen. Nasjonar er høgst reelle sosiologiske fenomen, mellom anna knytte til industrisamfunnet og dei behova det skapte.
  • Eit «postmoderne» syn går ut på at nasjonar er «innbilte fellesskap», «konstruerte» fenomen, som dermed kan «dekonstruerast» bort. Dei som står for dette synet, ser for seg ei nær framtid utan nasjonalstatar.
  • Etter eit anna syn har «modernistane» rett i at nasjonar er høgst reelle fellesskapar som mellom anna sprang ut av industrisamfunnet. Men dette synet blir for einsidig materialistisk og kan ikkje forklara den rolla etnisk nasjonalisme har spela i mange nyare statsdanningar. Ein må også ta med i biletet at mange moderne nasjonar bygde vidare på førmoderne, etniske band, tradisjonar og minne. Dette gjeld t.d. England, Frankrike, Spania og Sverige, som danna mønster for andre nasjonalstatar.

Frå 1990-talet har det utvikla seg ein livleg, internasjonal debatt om nasjon og nasjonalisme. Bakgrunnen er mellom anna dei etniske eller nasjonale konfliktane på Balkan, i Kaukasus, i Midt-Austen, i Rwanda og i India. Mange forskarar understrekar at nasjonalisme er ein av dei mest kraftfulle faktorane i verdssamfunnet i dag, på godt og vondt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rousseau, Jean-Jacques, Du contrat social ou Principes du droit publique, 1762. Norsk omsetjing: Om samfunnspakten, eller Statsrettens grunnsetninger, 1958.
  • Rousseau, Jean-Jacques, Considérations sur le gouvernement de Pologne.
  • Herder, Johann Gottfried, Ideen zur Philosophie der Geschichte der Menschheit, 1784.
  • Fichte, Johann Gottlieb, Reden an die deutsche Nation, (ei rekkje førelesingar i Berlin), 1808.
  • Mazzini, Guiseppe, On Nationality, 1852.
  • Mazzini, Giuseppe, The Duties of Man, 1860.
  • Renan, Ernest, Qu'est-ce qu'une nation?, 1882.
  • Recchia, Stefano og Urbinati, Nadia (red.), A Cosmopolitanism of Nations: Giuseppe Mazzini's Writings on Democracy, Nation Building, and International Relations, 2010.
  • Hobsbawm, Eric, The Invention of Tradition, Cambridge University Press, 1983.
  • Gellner, Ernest, Nations and Nationalism, 1983.
  • Østerud, Øyvind, Nasjonenes selvbestemmelsesrett, Universitetsforlaget, 1984

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjeldetilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Store Danske.
  2. Den Store Danske.
  3. Den Store Danske.
  4. R.R. Palmer - Joel Colton: Nya tidens världshistoria I, Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969, s. 270.
  5. R.R. Palmer - Joel Colton: Nya tidens världshistoria I, Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969, s. 365.
  6. R.R. Palmer - Joel Colton: Nya tidens världshistoria I, Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969, s. 367.
  7. R.R. Palmer - Joel Colton: Nya tidens världshistoria I, Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969, s. 369.
  8. Den Store Danske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]