Diskusjon:Norske stavkyrkjer

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen er svært lik artikkelen stavkyrkje. Sidan mest alt av stavkyrkjer som er bevard er norske handlar naturleg nok artikkelen stavkyrkje svært mykje om norske stavkyrkjer, det einaste som skil opplistinga her frå den i hovudartikkelen er at kyrka i Borås ikkje er teken med. Noko som er feil med begge opplistingane er at dei berre listar gamle stavkyrkjer. Stavkyrkjer bygd i dette eller sist hundreår er også stavkyrkjer, så¨om ein skulle følgje artikkelnamnet må t.d. også den nye stavkyrkja på Gol takast med for at lista skal vere komplett. Viss ein skal ha ei eiga liste over gamle norske stavkyrkjer, som det verkar som dette skal vere, må artikkelen få eit anna namn, t.d. Norske mellomalderstavkyrkjer. --46.15.216.157 31. oktober 2013 kl. 15:18 (CET)[svar]

Enig i at stoffet må organiserast betre. Eg ser for meg to løysingar: (a) Fusjonere dei to artiklane slik at det berre blir ein generell artikkel om stavkyrkjer (og artiklar for kvar einskild i tillegg). (b) Flytte generelt stoff frå denne artikkelen til hovudartikkelen og la denne artikkelen vere ei rein liste (uten bakgrunnsstoff med omtale av utviklingshistorie, byggeteknikk etc). Lista under hovudartikkelen ("Norske stavkyrkjer som er tekne vare på") kan då slettast eller forenklast. Fordelen med alternativ (b) er at hovudartikkelen då ikkje blir for lang og komplisert.
Eg er også enig i at nye stavkyrkjer (nye Fantoft og nye Gol) bør med på lista så lenge dei er ekte stavkyrkjer. --Erik den yngre (diskusjon) 2. november 2013 kl. 10:57 (CET)[svar]
Eg ser at både denne artikkelen og artikkelen på bokmåls-WP underforstått omtalar som "ekte" stavkyrkje berre dei middelalderske (forminner), og ikkje moderne bygg i stavkyrkjeteknikk. Stavkyrkje er jo definert ved ein særskild byggjeteknikk, om bygget er oppført på 1900-talet eller 1200-talet er ikkje avgjerande. Til dømes er det nye Holmenkollen kapell oppført stort sett i stavkyrkjeteknikk.
I tillegg burde det vore ein omtale av stavkyrkje som stilistisk inspirasjon. Nye Borgund kyrkje og Veøy kyrkje er gode døme på det. --Erik den yngre (diskusjon) 2. november 2013 kl. 15:58 (CET)[svar]